hits

Boka i Kondisbutikken

Er du kjent med nettsida Kondis.no og magasinet Kondis? Det er ei knallgod side basert på løping, treningssaker, oppdatering og mange flotte bilder frå løp i Norge ( og utlandet ) og sel blant anna bøker i deira eigen nettbutikk. Eg starta faktisk journalisterfaringa med å skrive for nettopp magasinet Kondis. Det er mange år tilbake i tid, men eg er stadig vekk innom nettsida deira for å få siste løpenytt. Veldig moro å kunne bla seg gjennom utallige bilder frå løp i heile Norge.



Vel, no har dei fått "Spring for livet" i nettbutikken til 279,-, så har du ikkje fått tak i boka er det berre å bestille HER. Ser at dei har 10 bøker på lager.

 

Eg er for tida heilt tom for bøker. Dei eg solgte sist gong, raste vekk på to dagar, men eg får stadig vekk mail om nye bestillingar. Det som er greia då er følgande: Eg må kjøpe bøker av forlaget til ein bra pris og så selge dei til dokke også for ein bra pris, men skal det lønne seg må eg ha 20 bestilingar. Så er du interessert i å sette deg på ei liste der du får boka for 249,- inkludert frakt, sender du mail til kriroset@gmail.com eller klikkar deg inn på boka si Facebooksida, og legg att ei melding der.

No skin endeleg sola på Lillehammer også. Det er knallblå himmel og tempen er venta å stige godt utover dagen. Det varmar ei sommarsjel.

Ynskjer dokke ein flott dag vidare:)

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv