hits

Spenstig og rask i kroppen

Alle, uansett kva distanse som er målet har godt av litt fart i kroppen. Å ta i bruk dei korte muskelfibrane er i tillegg smart viss du spring mykje langt. Det er lett å falle i det same tempoet og gjerne litt for raskt kvar gong. I verste fall kan det føre til feiltrente lår der du blir tung og daff i muskulaturen og følelsen av stivheit i låra berre du går i ei trapp. Eg har det med å ende i denne kategorien av og til, men prøver å være observant på å variere løpsøktene mine. Den siste månaden har det gått litt trått for seg ( ikkje feiltrente lår) så for å ikkje misse heilt gnisten har eg løpt ein del bakkesprint. Det er moro og motiverande. Dette gjorde eg mykje av då eg satsa, og spesielt tida før sesongstart. 


Frå Allers som snart kjem ut. Her utan oppvarming. Det anbefalast ikkje.

Bakkesprint gjer deg raskare og spenstigare på ein skånsom måte. Har du for eksempel problemer med knesmerter er motbakke absolutt å foretrekke samanlikna med flatt underlag. Sjekk FILM her. ( Nokre år gammal, men du ser litt av kva eg meiner)
Ei slik økt kan gjennomførast på mange fleire som for eksempel pyramideløping: 40 meter-60 meter-80 meter-100 meter-80 meter-60 meter-40 meter. Eller du kan løpe for eksempel 8x100 meter med gåpause tilbake. Det eg alltid har gjort er å starte på flatt underlag dei første metrane slik at eg får med meg ekstra fart inni bakken. Der kortar eg ned steget som igjen aukar frekvensen, og jobbar godt med armane. I tillegg er det viktig å kome seg opp på tåballen, skyte hofta fram slik at du unngår å bli "sittande" når du angriper bakken. La heller ikkje bakken være for bratt. Det gjer det vanskelegare å løpe teknisk godt, og få opp steget slik du vil.



Har du aldri løpt bakkesprint lønner det seg å ikkje dra den heilt ut i maks fart første gongane. Prøv deg litt fram og husk god oppvarming og gjerne 3-4 stigningsløp på flatt underlag først. Då gjer muskulaturen seg klar for meir trøkk.

Lykke til!!

Springerinneklem

Én kommentar

lisarorvik

08.05.2016 kl.11:04

Så flink du er :) (Ukens blogg konkurranse på min blogg nå, bli gjerne med)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv