hits

Liten kar i "festmodus"

Det dukkar opp nokre innlegg med Noah innimellom. Den vesle hjerteknusaren min bur langt borte frå mormor og morfar, onklar og syskebarn og derfor er det koseleg å vise litt frå kvardagen vår til dei også. Og til dokke sjølvsagt.

Idag hadde barnehagen oppvarming til 17. mai med med dans, songar, tog, og leik på boltreplassen deira like utanfor barnehagen. Dei minste skjønte lite av det som foregjekk, men kosa seg minst like mykje berre ved å oppdage nye ting og springe overalt.
Det betyr forøvrig mykje at det er gangavstand til barnehagen, både med tanke på tidsbruk og nærheit om det skulle skje noko. Er letta over at vi ikkje bur i storbyen der ein kan ende opp med å køyre langt avgårde for å kome fram. 


Klar for action med mamsa.



Det helde sjeldan med ein repetisjon når det først er moro på gang...


Før eg blei mamma syntes eg barnebutikkar og barnekle var totalt uinteressant. Eg kunne vere med venninner på shopping, men hadde dårleg tålmodighet når dei fekk auge på ein barnebutikk. I dag synes eg det er mykje kjekkare  å handle til Noah, enn til meg sjølv. Det er jo så stas å finne noko som er fresht og stilig.



Denne skjorta fekk han av eit vennepar til jul. Perfekt på slike dagar som dette.


Så var det å finne kle til 17.mai, konfirmasjonar og bryllupet vårt i september. Der kan det bli varmt sidan det skal skje i Barcelona, men valet kunne ikkje falle på noko anna enn denne. Og når mamsa fell pladask måtte det berre bli eit kjøp. Rart å sjå "babyen" min i ein "voksen uniform", men han vart ein ordentleg "straming", som vi seier heime i Nordfjord.:)

Vel, dette var nokre familiære ord og bildeknips. Ynskjer dokke ein strålande dag. 

Springrinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv