hits

På to hjul med min kjære

Det er ikkje ofte vi får anledning til å sykle saman, men idag fekk vi vår tredje tur i vårt 2,5 år lange forhold. Bestemor frå Gausdal passa Noah, og då kunne vi tråkke oss svette opp bakkane i marka. 


Eg syklar svært lite samanlikna med løping, men synes det er kjempemoro når eg først er i gang. Og sjølv om syklinga blei ein einaste tvang då eg opererte begge hælane i 2009, har eg fortsatt bruk for erfaringa frå den tida. Ikkje frå tvangen, men frå følelsen av å sitte på setet over lengre tid og korleis eg skal manøvrere sykkelen. Det hjelper også å ha eit par Birkenritt i beina.


Min kjære i godt driv. Han jobbar forøvrig med sykkel til dagleg, så eg føler meg i trygge hender viss dekket punkterer midt inni skauen:)


Godt med pause i motbakkane:)



Litt meir pause ja..





Kan ikkje sei at sykkelferdighetane er heilt på topp, så det blei gange over elva. Ser berre for meg kor proffane rasar over på eit tråkk uten å bli våte..hehe

Ha ein fin kveld vidare!

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv