hits

Pizzaen og eg

Eg elska deg frå første smak då eg var barn og ungdom. Det var fast fredagskos i heimen og eg gleda meg alltid til du stod ferdig på bordet. Så lærte eg å lage deg. Du kunne ikkje bli ferdig fort nok, og du smakte ennå betre. 

Så blei eg 18, og fekk for meg at du ikkje skulle innom munnen min meir. Osten som dekka deg var visst feit, det same var kjøttdeigen og smøret eg steikte den i. Eg forlanga også at du ikkje skulle bli servert til dei rundt meg. Du skulle ikkje få friste. I mange mange år var forholdet vårt dødt. 


Trykk på bilde for film: Ikkje mykje pizza her..

Etter at 20 åra hadde passert var eg sikker på at eg aldri meir skulle tore å smake på deg. Redselen var enorm. Til og med den første tida med behandling og medisin var det vanskeleg å sjå for seg at du og eg skulle opprette eit forhold att. Det ville isåfall bli anstrengt.

Tida gjekk, og eg braut fleire barrierer på vegen. Brød, brunost, kjøttkaker til middag, poteter, ris...Så kom endeleg stunda der eg ville prøvesmake deg igjen. Først som heimelaga. Det trygge. Og du smakte så godt. Osten smelta i munnen sjølv om den var lett med mindre feitt. Men det stoppa ikkje der. Eg ville ha meir av deg. Du blei til og med kjøpt og betalt, uten at eg såg kva du var laga av. Du smakte himmelsk. Tenk at eg gjorde det slutt i så mange år, for så og oppdage at du ikkje var eit gram farleg for kroppen min. 

Du får kanskje eit ufortent rykte frå helsefrikane der ute, men det gjev eg blaffen i. Du og eg er bestevenner igjen, og det skal vi vere resten av livet.

Springerinneklem

Én kommentar

lisarorvik

15.05.2016 kl.16:19

Dette så godt ut :) (Ukens blogg konkurranse på min blogg nå, bli gjerne med)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv