hits

Sykling: Frå hat til glede

Under satsinga blei sykkelen kun tatt fram då eg var skada og måtte ty til alternativ trening. Etter satsinga styrte sjukdomen alt og tvang meg på løpetur uansett kor vondt eg hadde i beina. For sju år sidan, under den verste tida som anorektikar sa det stopp. Jenta måtte legge seg under kniven for å operere begge hælane. Det betydde over eit halvt år utan å løpe det eg ville. Sykkelen blei redninga.

I starten fekk eg styggilt i ræva, stive lår, blei sliten i "nye" musklar, og eg gjekk stadig tom fordi eg ikkje kunne tillate meg å ete verken det eine eller det andre undervegs. Det to heller ikkje lang tid før eg blei hekta på å sykle lange turar. Og eg kunne sjølvsagt ikkje sykle kortare enn dagen før. Det brakte meg opp på svarte natta for å rekke å sykle før jobb, og så var det på an igjen etter jobb. Sjukdomens galskap råda for fullt.

Tross all tvangen blei eg så pass dreven på sykkelen desse månadane at eg meldte meg på FredagsBirken. Der blei eg nummer to, og kjende at eg meistra noko anna enn berre å løpe. Det gjorde meg ennå meir ivrig, og eg tenkte tanken på å trene ennå hardare for å kunne prestere i sykkelritt sommaren etter. Det ville seg derimot ikkje slik ( på ein måte heldigvis) då det sa fullstendig stopp eit par veker etter Birken. Knea svikta totalt og eg måtte slutte å sykle på flekken. Med altfor lite feitt på skrotten hadde den ikkje meir å gå på, og alt av "smøremiddel" til ledda var borte. Det blei dermed "opp som hjort og ned som ein lort".


FredagsBirken 2009... sliten, tynn og full i tvang.


Heldigvis lærte eg av mine eigne feil, men eg måtte bli frisk for å sette det ut i handling. I dag dreg eg aldri på lang sykkeltur utan drikke og næring. Det verken vil eg, eller tør eg. Smellane frå fortida sit for godt i, og det viktigaste er å få ein god opplevelse. Og det har eg fått fleire av etter at eg blei den eg er idag. No kan eg sykle lenge utan å gå tom og eg synes det er veldig moro når eg først er igang og har tid til det. Løping er fortsatt det kjekkaste og det enklaste med tanke på tidsbruk, men eg er glad eg kan variere og kose meg like mykje med begge deler.



Gårsdagens tur: Har eg ikkje fin sykkeldrakt vel. Hihi... føler meg nesten proff med Lillehammer CK sin outfit. 

Springerinneklem

2 kommentarer

Mia

03.06.2016 kl.10:20

Husker skadeperiodene fra løpingen da "treningsfri" betydde fire timer på landeveissykkel og kun vann som næring. Gikk jo tom for energi etter en halvtime og resten av turen var forferdelig. Har faktisk ikke syklet siden jeg ble frisk, rett og slett ikke orket tanken! Men kanskje jeg skal ta den frem igjen til sommeren, og sykle noen turer igjen - med mat og påfyll underveis :)

springerinne

03.06.2016 kl.12:53

Mia: Det er stor forskjell på å sykle med påfyll enn uten og ikkje minst sleppe det jaget om å måtte sykle så og så langt. Eg klarar meg fint med ein time på sti og føler det er kjempegod trening.:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv