hits

Tar med bøker til Vestlandet



Det er allereie komt inn godt med bestillingar av bøker, og med tur til Sandane og Skei i Jølster 8.-11. juni vil eg ta med ein god del bøker for salg. Turen er i forbindelse med foredrag for skikretsen, og ein fin moglegheit til å ta med Noah til familien min.

Viss det er nokon i heimeområdet mitt som ynskjer seg ei bok med signatur til ein pris av 299,- sender du meg berre ein pip på mail: kriroset@gmail.com.  Som de ser er prisen er endra til den ordinære,  då eg fekk beskjed frå forlaget at eg ikkje kan selge den til redusert pris i bokas første leveår. Eg beklager for å ikkje ha visst dette.

                                                                           ****          

Legger ved eit knips frå løpeturen til Noah og meg. Han følgjer godt med, men like etter dette bildet blei teke sovna han som ein stein.hehe:)



Springerinneklem

P.S
Ja, framhjulet på Babyjoggeren er skeivt, takka være ein sliten Birkensyklist som ikkje klarte å klikke seg ut av trødene og datt rett opp på vogna i fjor haust...Det verste var at han berre stakk av uten å seie noko...

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv