hits

Morgentvangen

Sit framfor PC en og er salig i skrotten, og veldig glad. Hadde meg ei knall økt på tredemølla klokka 07.00, og er det noko som smakar ekstra godt til "frukost", så er det ei sugandes intervalløkt som går bra...

Orda er teken ut av innlegget "Intervallmorgen" den 19.01.11. Her var eg fire månadar ut i behandling og akkurat begynt på full medisindose ( det kan du lese meir om i boka). Treninga var framleis ein stor del av kvardagen min og eg følte meg mest komfertabel når eg hadde fått trent før jobb. Forskjellen etter at eg starta i behandling var at eg åt frukost før eg trente, og det betydde at eg fortsatt måtte stå opp grytidleg for å ikkje få hold under treninga. Eg sleit lenge med dette morgenritualet, og den vesle vektauken eg opplevde gjorde meg ennå meir gira på å få treninga unnagjort så tidleg på dag som mogleg. Då kunne eg roe ned tankane og fokusere på jobben. Psykiateren min visste om alt, og gav meg lov så lenge eg åt det eg skulle, men etterkvart fekk eg i oppgåve å bryte dette mønsteret også. Kunne eg klare å vente til etter arbeidstid? Kva ville isåfall skje med hovudet på dagen osv. Dette syntes eg var vanskelegare enn å ete meir, og utvide kostholdet. Ja, det tok nesten eit år før eg klarte å sove til klokka ringde på eit anstendig tidspunkt. 



Men den dagen eg vakna utkvilt utan å ha løpt meg "ihjel"på morgonen og utan vonde tankar, var så ufatteleg befriande. Eg hugsar kor forvirra eg var då eg såg at klokka viste 07.00. Først trudde eg ikkje det var sant. Kva hadde skjedd? Hadde eg verkeleg forsove meg? Men nei, klokka hadde eg sjølv sett på kvelden før, og jammen klarte eg å sove gjennom heile natta. Magefølelsen på veg til jobb var spent. Og ja det kribla litt av dårleg samvit, men det gjekk så mykje betre enn eg trudde. Ikkje blei eg trøtt klokka 13-14 slik eg alltid blei, og ikkje kjende eg meg daff eller utilpass.
Det blei starten på ein kvardag uten den evige morgontvangen.

Når eg får spørsmål frå sjuke om akkurat dette, kan eg ikkje gje noko anna svar enn kva eg sjølv har erfart. Ja, det tek tid før du kjenner deg komfortabel med å "slakke han" på morgenen. Du klarar det kanskje ein dag, men så er det på igjen dagen etter. Men det er greitt- ei stund. Ta ein dag av gangen. Ikkje fokuser på ei veke i slengen. Det kan bli for mykje for hovudet. Skriv ned korleis tankane og formen har vore dei dagane du har klart å sove til normal tid og på same måte dei dagane du har gravd deg opp før alle andre og tvangstrena. Etter å "smakt" på dei ulike morgonane ei stund vil du garantert sitje att med eit resultat av enten djup fortvilelse eller ein meir vaken hjerne og sprek kropp. Eg trur på det siste.



I dag orkar eg ikkje tanken på å stå opp klokka 0500 for å trene. Det helde lenge med at Noah ropar mamma mellom 05 og 06. Ja, det er så vidt eg orkar å hente han inni senga vår, for så å håpe at han sovnar litt til. Eg er ikkje overraska lenger over kor trøtt eg er på denne tida av døgnet, men dei to første åra "tok eg det ofte i meg" at det er eit under at eg klarar å sove til normal tid. Kanskje ikkje rart etter 13 år med eit morgonregime utan mål og meining...

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv