hits

At ho forstod redda livet mitt

- Jeg gleder meg til å lese. Har hørt den er bra, og ble anbefalt den av noen jeg kjenner.

Disse orda kom frå den siste kjøparen. Eg må innrømme at eg ikkje heilt veit kva eg skal svare, men stotrar fram eit tusen takk. Det varmar ekstremt mykje at det eg har skreve går inn hos lesaren, men å ta det innover seg er ikkje alltid like lett. 


Eg henta 30 nye bøker på posten idag. 11 er solgt, 10 skal på foredrag og 9 er att til dåkke som er interessert.

Vel, til no har salget gått veldig bra. Eg er superstolt over mottakelsen, men håpar ennå fleire får auga opp for boka. Eg veit det er mange "der ute" som slit og som ikkje har fått med seg at det finnast håp. Dei vil eg så inderleg nå. Så mitt budskap er; kjenner du nokon som slit, så er det slett ikkje frekt eller "dårlig gjort" å gje ei bok i gave. Faktisk kan det være enklare å vise omsorg på den måten enn å være direkte ansikt til ansikt. Hadde eg fått ei slik bok i hendene av ei venninne då eg var sjuk, ville eg blitt takknemlig og kanskje litt glad for at eg slapp å høyre alle dei bekymra orda. Då kunne eg lest boka akkurat når eg ville, - i fred og ro.

Det å være sjuk og lese orda til ei / ein som har vore i same situasjon, kjent på dei same tankane, følt den same frustrasjonen og smerten er noko heilt anna enn å møte ein lege eller psykolog som aldri har stått i sjukdomen sjølv. For, du blir så forbaska intelligent på det du "driv med". Alt du skal gjennom, kva du overhode ikkje skal ha, kor mykje du må gjere av det og det for å gå i minus og mykje meir....Ingen som er friske, uansett kva utdannelse dei har kan forstå, og det er lett å oppdage. Eg var slik sjølv. Stolte ikkje på nokon, før eg møtte dama mi. Ho sa derimot lite om si eiga fortid, men likevel skjønte eg at ho forstod. At ho visste kva eg snakka om, kva eg hadde gått gjennom, og kva eg var så livredd for. Det redda livet mitt. Alle dei andre eg møtte kunne eg hoppa glatt over, sjølv kor mange stjerner dei hadde i boka som psykolog.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Noah skjønar ikkje mykje av boka han har i henda, men ein dag vil han forhåpentligvis forstå kor elska han er.

Mi bok er ikkje ein fasit for nokon, kun min eigen. Men eg har lært å kjenne svært mange spiseforstyrra og dei har gitt meg gode tilbakemeldingar. Ikkje at dei har blitt friske over natta, for det er umuleg, men at dei føler seg forstått og at dei har fått gode råd om korleis dei kan angripe kampen. Det ynskjer eg at enno fleire skal få moglegheita til.

Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv