hits

Foredrag for Sogn og Fjordane Skikrets

No er det like før Noah og eg rullar avgårde frå Lillehammer til Sandane. Vanlegvis køyrer eg i eitt, men med ein 1,5 åring i bilen blir det nok eit par bleie og matstopp. Han skal tross alt på fleire turar framover, så her gjeld det å legge opp til ei god biloppleving.



I morgon står foredrag på Thon Hotel, Skei for tur. Det er vårmøtet for Sogn og Fjordane skikrets, eit lag eg gjekk for i gamle dager. Det var tider det. Er glad dei spurte meg om å kome for det er eit viktig tema i idretten. Du kan lese meir på Skiforbundet sine sider HER. Bilde er teke under eit intervju i Psykisk Helse tidlegare i vår. Kjenner meg nesten ikkje att med eit slikt alvorleg uttrykk, men så var spørsmåla heller ikkje av det morsomme slaget.

Igår var det premiere på God Sommer Norge på TV2. Her skal eg være gjest ein gong i juli. Fekk litt nervar då eg såg programmet, men eg satsar på at det går bra. Kjem tilbake med meir informasjon etterkvart.



Ellers har eg som sagt bøker med til Vestlandet viss det er nokon som vil kjøpe. Eg er å finne på Sandane frå idag til laurdag og på Skei torsdag kveld. Gje eit pip til kriroset@gmail.com om du er interessert.

Ynskjer alle ein flott dag.

Springerinne og Noahklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv