hits

Nervar er bra

Å kome til strålande vestlandssol kjennes alltid godt. Fjella kjem til sin rett, og fargane lyser mot ein. Ting ein set meir og meir pris på til eldre ein blir, og til lenger ein har budd vekke.

Foredraget gjekk fint, men som vanleg var eg ein smule nervøs. Kanskje rart at eg fortsatt er det etter alle dei gongane eg har prata framfor forsamlingar, men det er nesten som å løpe ein 800 meter. Det har ingenting å bety kor mange gonger ein har sprunge dei to rundane med startnummer. Nervane kjem uansett, og så lenge dei er under kontrollerte former trur eg det berre er bra å være nervøs. Då yter ein det vesle ekstra.


Noah blir berre meir og meir aktiv, så her gjeld det å halde han oppteken. Vi tok difor turen til den gamle nedlagde grendaskulen som eg starta mine første skuleår på. Der låg alle moglegheiter opne for full utfoldelse, og dermed ein litt sliten gutt til leggetid. 


Synet av rumballar forundra nok Noah litt, for han glana noko følt på dissa runde kvite sakene. Morsomt å sjå..


 

Synet av ulldottane under gav også reaksjonar. Først med nysgjerrighet, men då det eine lammet sette i ei høg bræking hylskreik Noah. Den låta var ikkje heilt slik som han forventa, sjølv om han går rundt og seier Bæ dagen lang. hehe:)


I morgon vender vi nasa mot Lillehammer att. Noah er ikkje den blidaste personen når han har sote der i fire- fem timar, men Ipaden hjelper meir enn eg trudde. Eg lyt difor laste ned litt fleire filmar i kveld, så får eg heller berre tole at Dora går på repeat ei laaaaang stund. :)

Ynskjer dokke ei god helg!

Springerinneklem



 

Én kommentar

Pernille

10.06.2016 kl.22:38

Rart det der med nerver. Jeg skal ha eksamen mandag og tirsdag, og allerede nå sitter jeg med mange nerver og gruer meg som bare det. Nervene har tatt så mye overhånd at jeg egentlig ikke har lyst til å ha denne eksamen.

Mange fine bilder, så ønsker jeg deg en fin kveld videre og riktig god helg!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv