hits

Bulimikjøret

Eg veit det er svært mange der ute som har bulimi eller ei blanding av fleire spiseforstyrrelsar. Det kan gå fleire dagar, ja kanskje veker der du planlegg nøye alle måltid og overtrenar, for så og bli overrumpla av bulimikreftene. Det treng ikkje være meir enn nokre tygger for mykje til middagen eller ein kosekveld med venninner og så er bulimikjøret på gang att. Du gjev blaffen i alt og et til magen står på spreng. Det er jo ingen vits i å spare på noko når du likevel har fått den forbodne maten innafor tanna. Etterpå ventar skuldfølelsen og tomheita, som igjen tvingar fram ei ny vond handling.


"Bulimiminner": Det kan være lett å skjule bulimi viss ein bur åleine, men for min del avslørte dei blodsprengde auga ganske mykje. 

Eg huskar det sjølv, desse periodane. Eg kunne fint gå ei veke eller to utan å stappe hovudet i toalettskåla, men var eg åleine, kjende meg deppa av ein uforklarleg grunn og i tillegg hadde unna meg noko som ikkje stod på JA lista var det gjort. Opp med rosinbollane eg sjølv hadde baka til gjester og ektemann, deretter i mikroen og i den slitne og svoltne kroppen. Då var alt det eg ikkje torte å smake på elles det einaste eg ville ha.

Dei tre første tyggene var fantastisk gode. Dei resterande smakte ingenting.

Spiseforstyrrelsen enda opp som ein stafett der eg tok imot pinnen frå anoreksien og gav den vidare til bulimien. Stafetten heldt det gåande over lang tid og er den desidert fælaste stafetten eg noko gong har vore gjennom både psykisk og fysisk. Det er ingen andre enn den som har vore gjennom dette som kan forstå den "skamma" og "nederlaget" som gnagar i deg før straffa skal gjennomførast, og det er heller ingen som anar korleis tomheita etter at straffa er gjennomført kjennes. Heile prosessen er like brutal for hovudet som den er for organa.

For å bli frisk frå bulimi må du blant anna lære deg å halde på maten, du skal motstå å overete sjølv når suget er på det verste,  du skal lære deg å fungere sosialt igjen og i tillegg skal du lære å like deg sjølv utan dei sjuke handlingane. Det kan ta lang tid, men den tida du brukar på å bli bra att er vel verd slitet. Å kunne legge seg i senga ein tysdagskveld utan å være sår i halsen, ha vondt i magen, utan blodsprengde auger, utan den vonde tomheita er ei einaste lukke. Den lukka skal være målet, og den kjem du til å elske.

Eg vil berre avslutte med eit dikt eg synes seier mykje. Marta Fjæreide er forfattaren bak dei sterke orda.



Springerinneklem

3 kommentarer

Ingvild

13.06.2016 kl.10:12

Hei!

Jeg har et spørsmål jeg håper du kan svare på, hvis du vet noe angående dette.

Veldig mange, inkludert meg selv, forbinder bulimi med det å overspise, for så å kaste opp maten igjen. Men: Hvis man overtrener, altså trener mer enn man bruker å gjøre og/eller hadde planlagt, fordi man har dårlig samvittighet for å ha "spist for mye", kalles det da også bulimi? Eller er bulimi kun relatert til det å rense seg gjennom oppkast? Vet du i så fall om det å ovetrene pga. dårlig samvittighet kan relateres mer til en annen type spiseforstyrrelse?

Ingvild

springerinne

13.06.2016 kl.18:41

Ingvild: Det er ikkje så lett å svare på, fmen elles er at det er ein spiseforstyrrelse som herjar. Bulimi kan utartast på andre måtar også, som for eks å misbruke avføringstablettar fordi ein ikkje orkar tanken på å kaste opp. Det å overtrene pga dårleg samvit etter måltid vil eg sei er ei blanding av dei ulike typane. Som sagt ikkje lett å gje ein fasit her.

Thea

13.06.2016 kl.16:52

Kjenner meg så altfor godt igjen. Har hatt en salig blanding av anoreksi/bulimi i mange år. De siste hovedsaklig bulimi. Noe som er heeeeelt grusomt. Vanskelig å forstå hvordan man skal håndtere livet uten. Men man kan ikke gi opp.. Bare jobbe på videre og gjøre de rette tingene. Reise seg gang på gang.

Til Ingvild: Det kalles også bulimi om man kompenserer på andre måter. Men i følge kriteriene, så skal det dreie seg om objektive overspisinger. Ikke to brødskiver mer enn planlagt, liksom. Da hører man mer hjemme i anoreksi-kategorien. Men disse to lidelsene overlapper hverandre for de aller fleste.. Kjennetegnet ved bulimi er gjerne tapet av kontroll (+ kompensasjon på et vis), mens man ved anoreksi har en tilsynelatende stålkontroll på alt.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv