hits

Anorektiker på restaurant

Filmen under ( trykk på bildet) er eit personleg eksempel på korleis det kan være for ein spiseforstyrra på restaurant. Der alle friske ville gleda seg til ei søt avslutning på ein hyggeleg middag er dette den verste delen for ein som slit med topploket. Her var eg faktisk på bryllupsreise av alle ting, vi var i Sveits og skulle kose oss på ein fin restaurant i Lausanne. Joda, eg fann ein middag som sa kylling, men når dessertkartet kom fram var det ikkje mange sunne saker å finne. Eg ba difor om ein fruktsalat. Tenkte kanskje at dei kunne være så vennlege å hakke opp forskjellig frukt og servere, men neida. Her kom det noko heilt anna....


I dag brukar eg denne filmsnutten  (som eg la ut på Youtube for 2,5 år sidan )under foredraga eg held. Det er ei blanding av galgenhumor, men også alvor. For,- det er dessverre mange som har det slik idag. Det å gå på restaurant er fryktleg skummelt og svært vanskeleg å takke ja til. Eg skulle gjerne trykt på den berømte knappen og overbevist alle som slit, at det ikkje er skummelt i det heile tatt og at ein ikkje blir feit over natta fordi ein kosar seg ein kveld. Uansett kan eg sei med handa på hjertet at eg i dag elskar å gå på restaurant. Og det kjekkaste eg veit er å gå der dei har fleire retters meny i pakkar, som for eksempel ein av mine favorittar i Oslo, restaurant Plah. Der har eg vore fleire gonger og sjølv om rekninga etter 8 rettar er høg, er det verkeleg verd det.



Må berre legge ved dette bilde av Noah og meg på Strynefjellet forrige veke. Her hadde vi køyrt i fire timar og han var begynt å bli passe lei. Heldigvis hjalp det med ein liten stopp mellom tunnellane der han fekk springe og brukt litt energi.

Springerinneklem 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv