hits

Gode minner og nysgjerrig liten kar

Friidrett har vore min største lidenskap sidan eg var 10 år, og stadion på Stampesletta ( Lillehammer) har lege nærme hjertet mitt heilt sidan det første møte som 13 åring. Då skulle eg for første gong konkurrere utanfor Sogn og Fjordane og var temmeleg nervøs før start. Likevel satsa eg alt og opna på 61 sekund første 400m. Det straffa seg derimot på siste runden, men eg løpte inn til seier, ny pers med 7 sekund og fekk tida 2,23. Det var eg stolt over. Sidan denne gongen drog vi til det store stevnet på Lillehammer kvar sommar, og nervane hugsar eg som om det var igår.

I helga var det tantebarnet mitt Ingrid på 19 som sprang. Noah, besta og eg heia så stemmebånda dirra og jenta sprang slett ikkje verst på 400 meteren. Moro å sjå, og kjekt å kjenne på litt sommarfuglar frå sidelinja.


Noah skjønar sikkert ikkje så mykje, men han likar seg på stadion. Det skjer jo noko heile tida. Her følgjer han med på 800 meter.



Litt utålmodig ja..kjekkare å springe laust.



Ingrid glad og fornøgd etter løpet.

Elllers går det eigentleg i ett for tida, då min kjære er på NM i sykkel i Bodø i over ei veke. Mormor er derfor på besøk nokre dagar, noko som er til stor hjelp, som når eg var på jobb klokka 0830 idagtidleg. Har fleire saker på gang for Dagbladet og denne handlar om Birkebeinerrittet. Lagar treningsprogram frå juli til slutten av august då rittet går av stabelen. Til ei slik sak er det greitt å intervjue ein som har vunne, og kjenner løypa som si eiga bukselomme. Fekk nokre gode knips på morgenkvisten like ved Hafjell. 



Beklager at det har gått litt tid sidan sist innlegg, men tida har berre rent ifrå meg denne veka. Har ellers ei nyhet eg gjerne vil fortelje, og den kjem om ikkje så lenge.

Ynskjer alle ein fin søndagskveld og ein fin start på ny veke, og må berre legge ved eit nydeleg bilde over Lillehammer og deler av Mjøsa som eg tok då eg køyrde stebarnet til bursdag her ein dag.



Springerinneklem


 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv