hits

Pep talk som fungerte

TILSTAND august 2010: 41 kg. Sjukmeldt. I kjellaren. Eit ork å leve.



TILSTAND juni 2016: 58 kg. Mamma. Journalist. Glad. Elskar å leve.

Mykje har skjedd  i dette tidsrommet. Antal kilo ser dåkke sjølve, men det er berre tall. Sjå heller på orda etter. Det er forskjellen, og den er gigantisk.

Eg veit at det er mange av dåkke som drøymer om å sleppe laust frå spiseproblema. Sleppe tankane og bekymringane. Eg veit også at dåkke også er redde for å ta det steget som trengst for å hanskast med det vonde, og alt som har køyrt seg fast i topploket.

Eg huskar det som det var i går sjølv, men likevel, etter aldri så mykje gråt og fortvilelse siste åra finnast det ikkje eit snev av anger. Eg skulle  berre begynt så mykje før.  Det var overhode ingen god grunn til å utsette det. 

Det er vanskeleg å sette ord på nøyaktig kva som har vore det tøffaste, men eg skal prøve. Husk at dette er mi erfaring / kjensle over det heile, og kan være forskjellig frå andre.

VEKTAUKE:
Det var spesielt tøft då eg fekk mensen att etter "berre" 7.mnd i behandling. Hadde ikkje styring på verken det eine eller det andre følte eg og gjekk berre rundt som ei" hormonbombe". Det resulterte i null bildetaking av dama, ingen prøving av gamle bukser og minst mulig glaning i spegelen. Etter 2-3 månadar blei eg meir vane med den nye kroppen og det hjalp faktisk å få kompliment for at eg endeleg såg ut som ei dame. Hadde det vorte servert året før ville eg grått i timesvis, men det gjorde eg ikkje då. Fantastisk opplevelse, sjølv om eg måtte jobbe med å godta kommentarane lenge. I ettertid er eg sikker på at alle samtalane med "dama mi" kombinert med medisinen eg gjekk på var ei stor årsak til at panikken ikkje drog meg ned i grøfta att.

FOTO:
Det er rart med det,men når ein ser seg på bilde er det som at du ser alle feil og i mitt tilfelle synes eg at ansiktet var bollete og resten av kroppen likeså. Eg måtte gå langt inni meg sjølv for å finne noko positivt ein lang periode. Dette gjekk seg til med tida, og det hjalp å minne meg sjølv på at eg ikkje skulle samanlikne meg med den sjuke Kristin.

KOMMENTARAR:
Eg har hata kommentarar om utsjåanden i heile sjukdomsperioden. Eg var skitredd for å få høyre noko som kunne tilseie at eg hadde lagt på meg. Brukte enormt med energi og satte nok ein støkk i fleire, dei gongane eg blei heilt frå meg og spurte kva dei meinte med det. Idag skjønar eg ikkje at eg torte å spørre, men eg var desperat etter å høyre kva som var " gale". Det kunne til og med gå så langt at viss eg traff ein guttegjeng i ung alder på løpeturen var eg redd dei skulle rope tjukk ræv eller noko. Det skjedde jo aldri, men eg fekk det berre over meg at ungar seier sannheita...

PEP TALK
Eg måtte ofte ty til pep når det har butta som mest. Anar ikkje kor mange gonger eg måtte fortelje meg sjølv at eg var på rett veg. At drøymen om å  bli frisk var større enn noko anna drøym og at den skulle oppfyllast sama ka det kosta. Dette gjekk på repeat i knollen kvar dag lenge!! Idag slepp eg denne pep talken, men det betyr ikkje at eg aldri vil måtte ta den i bruk att. Den garantien finnast ikkje, men det er betre å ha den på lur enn at tankane får bein å gå på.



Springerinneklem

2 kommentarer

Cecilie

28.06.2016 kl.23:59

Takk for at du setter ord på og deler di erfaring av kordan det var på veien mot frisklivet, Kristin. Eg er inne og les alle innlegga dine, men er ikkje så god på å kommentera.

Det er rart å lesa for eg kjenn meg så veldig igjen i alle tankane du skriv om (ikkje kunne stoppe opp i treningsøkta/ å konkurrera mot seg sjølv/ tankane til dei eg spring forbi osv), men likevel ser eg ikkje på meg sjøl som så veldig sjuk. Det er liksom dei som har det værre enn meg, og då vil eg ikkje ta opp den plassen for å motta hjelp. Andre treng det meir enn meg.. eg klarer meg.. eg er ikkje sjuk nok/tynn nok osv. Men kvar dag er eit slit og et ork.. akkurat slik du skreiv øvst i innlegget, men du gir håp om at livet kan bli bra. Takk!

springerinne

29.06.2016 kl.09:30

Cecilie: Takk for at du les og for at du skriv ei tilbakemelding. Først av alt vil eg sei at du skal slutte å tenkje på at alle andre er sjukare enn deg. Det kan hende mange er det, men når du seier at det er eit slit og eit ork er det meir enn nok grunn til å søke om hjelp. Det hjelper lite for deg å tenke at du ikkje er sjuk nok. Det er jo ditt liv, di helse og det at du ikkje er tynn nok betyr heller ingenting. Hugs at det mange fleire som er normalvektige men som slit fryktleg med denne sjukdomen enn det er av dei som ser sjuke ut. Så eg oppfordrar deg til å få hjelp viss du trur det kan være til hjelp for DIN kvardag og DITT liv. Stor klem

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv