hits

Kjærestetur

Det er ikkje ofte vi får anledning, men når vi først får det, nyter vi kvar time (takk bestemor). Som siste døgnet på tur til hovedstaden.

Med hotel midt i sentrum var det kort veg til Aker Brygge og ferske reker og aioli. Og når David fekk Tour De France på skjermen kunne det ikkje bli betre.

Etter nokre timar med deilig mat, litt shopping og bytitting lada vi opp til ennå meir påfyll av mat. Valget fall på restaurant Plah i Hegdehaugsveien. Smakane er vanskeleg å beskrive, men eg kan love at dei var særdeles gode. Om vi blei mette? Phu, hadde nokon sparka meg bak hadde eg rulla tilbake.

Eg hugsar ikkje navna på alle dei ulike rettane, men går du inn på Plah si nettside finn du menyen. Kan verkeleg anbefalast!

Det kjennes fantastisk å kunne nyte slike dagar, utan eit snev av dårleg samvit. Hadde dette vore for nokre år sidan kunne eg berre drøymt om ein slik opplevelse.

Tøyen colaen smakte overraskande godt. Her er vi ytterst på Tjuvholmen.

Mmm...noko av det beste som finnast ein sommarsdag:)

Ynskjer alle ein fin søndag.

Springerinneklem

Én kommentar

lisarorvik

10.07.2016 kl.12:34

Så utrolig koselig, så kjempengodt ut :) (Har forresten ukens blogg konkurranse på min blogg nå, bli gjerne med)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv