hits

Rørande tilbakemeldingar

Det er ingenting som kjennes betre enn å få tilbakemeldingar som rører, spesielt når ein har lagt ned mykje arbeid og gode tankar i noko.



Etter at eg ga ut "Spring for livet, slik blei eg frisk" har det kome mykje mail, blomster og det siste eit kort i posten. Det kjennes ikkje berre godt, men det gjer meg enno meir trygg på at boka eg har gjeve ut kan være til hjelp for nokon. 

Tilbakemeldingane har kome både frå dei som slit sjølve, men også pårørande. Og akkurat dei pårørande var i mine tankar vel så mykje som den sjuke då eg skreiv, for eg veit kor viktig det er å ha nære rundt seg som forstår. Som ikkje kjeftar og smell, men som lyttar og er interesserte. Då eg var sjuk sjølv opplevde eg dessverre lite av forståelse. Mor prøvde, men stampa sjølvsagt mykje i veggen då ho såg at dattera berre blei sjukare og sjukare. Og slik er det for dei fleste som ser at deira kjære ikkje har det bra. Ei kjensle eg kan sette meg inni på ein heilt anna måte etter at eg blei mamma sjølv. No er Noah berre 18 mnd., men himmel så redd eg er for han. Eg vil gjere ALT for at han skal få eit godt liv.



Boka har også gjeve meg fleire moglegheiter til å møte større grupper som er nysgjerrige på temaet. Og det er slett ikkje berre idrettsmiljø som sender forespørslar. Eigentleg er dei i mindretal, noko som forundra meg. Kanskje det er vegring for å ta opp eit sårt emne? Eg veit ikkje, uansett er neste oppdrag for Senterkvinnene ( SP) i Sogn og Fjordane og Helse Vest i Bergen. Eg gler meg veldig til dette, og ser fram til mange spørsmål og gode diskusjonar.


Hvis du ikkje har kjøpt boka ennå, men er nysgjerrig, kan du stikke innom ein Norli butikk eller bestille den på nettet. Den er lettlest, og eg ser den kostar 262,- ( ordinær pris 299,-) på Norli sine sider.

Springerinneklem

3 kommentarer

Frida

17.07.2016 kl.21:47

Du fortjener virkelig all denne skryten, Kristin. Håper du tar den til deg - for du er virkelig en av de bloggerne som er med på å fronte gode verdier og et sunt fokus på kropp, og ikke minst hjelper mange å finne veien tilbake til et friskere liv. DU utgjør en forskjell for så mange!

Jeg har også lagt inn litt snikskryt om deg på bloggen min idag. Håper det er i orden, hvis ikke er det bare å si fra så fjerner jeg det.

Kos deg og nyt siste del av ferien ☀️ stor klem!

springerinne

21.07.2016 kl.19:49

Frida: Tusen takk Frida. Det varma vanvittig masse. Takk, takk,takk:)

Hilde

31.07.2016 kl.00:05

Hei. Når det gjeld fysisk aktivitet. Kor lenge pleier du å være i fysisk aktivtet kvar dag? Etter eg hadde lagt på meg igjen etter spiseforstyrrelsen, så har eg slitt veldig mykje med fordøyelsen. Tenker at det at eg har vore veldig mykje i ro dei siste åra er årsak til fordøyelseplagene då eg har forsøk konstholdsendring utan hell. Så prøver å sette opp en 30 min fysisk aktivitetsplan for ei heil uke om gangen, men strevar litt der. Har du nok tips til meg? No om sommaren går eg meg ein gåtur nesten kvar dag, men om vinteren då blir eg veldig mykje latare. Er ikkje glad i trening studio og har ikkje kondisjon til å begynne å jogge, har ikkje sykkel og eg er ikkje den som er så glad i å gjere så mykje fysiske aktivitetar ute i offentligheita fordi eg føler meg flau når andre ser på. Har du noko tips til enkle fysiske aktivitetar eg kan gjere og kor mange min eg bør gjere kvar øvelse?

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv