hits

SpringerinneMage

Endeleg kan eg dele gleda eg har bært på i snart 5 månader. Ei glede som idag blei bekrefta med at alt står bra til, at nyttårsafta kan bli ekstra spesiell og at Noah skal få ei veslesøster. Eg føler meg veldig takknemleg.


Svangerskapet så langt har gått bra, men eg er mykje meir sliten enn då Noah gøymde seg i magen. Då budde eg åleine til den siste tida og hadde ikkje ein liten tass på 1 år og 9 månader springande rundt beina. Det merkast når ein eigentleg vil legge seg under dyna midt på dagen. 


Eg veit ikkje kor interesserte dokke er i gravide fakta, men her er iallfall ei kort oppdatering.

Termin: 31. desember 2016. 
Kor langt på veg: 18 veker- snart halvveis.
Lyster: Ikkje noko spesielt, men det er ekstra godt med noko salt ( gjerne chips) og frukt.
Liv i magen: Eg kjende dei første bevegelsane for ca. ei veke sidan. Ca. 1 månad veker før eg kjende Noah sine spark.
Om treninga: Ikkje den beste formen, men er i bevegelse.
Plager: Trøtt, ellers bra.
Kjønn på babyen: Jente!!!
Tankar om navn: Elskar å spekulere på navn, men ingenting bestemt ennå.
Søvn: Sover best på dagen. Då kan eg lett søve eit par timar.
Fødselsforventningar: Tja, har ikkje tenkt så mykje på det ennå, men har litt skrekk for å ende opp som sist.
Humør: Stort sett veldig bra, men meir sliten enn vanleg.
Vektauke: Det har garantert skjedd endringar både her og der. Får vel vite det på neste jordmortime.
Innkjøp: Eit par bodyar idag, ellers ventar eg med resten til det nærmar seg.


Har begynt å tenkje på Noah sin reaksjon når han oppdagar at han ikkje er den einaste "babyen" lenger. Gruar meg litt, men håpar det går bra. Akkurat no er eg mest letta over at alt ser bra ut. Det er jo slett ingen selfølge.

Springerinneklem

 

10 kommentarer

Anneli

27.07.2016 kl.22:17

Dette var hyggelig lesing!

Gratulerer så mye! :)

springerinne

28.07.2016 kl.08:05

Anneli: Ja, vi gler oss, men veit at det blir fullt kjør for alvor:)

Sara

28.07.2016 kl.07:25

Ååå, gratulerer så mye 😄

springerinne

28.07.2016 kl.08:05

Sara: Tusen takk:)

katarina

28.07.2016 kl.20:57

Gratulerer så mye!! Så utrolig gode nyheter :))

springerinne

28.07.2016 kl.21:33

katarina: Tusen takk:)

Madelen

28.07.2016 kl.22:55

Nei, så fantastisk! Masse til lykke <3

Unner dere alt godt, og en fin sommer :D

Hilde

29.07.2016 kl.23:08

Gratulerer så mykje med baby i magen.

springerinne

30.07.2016 kl.08:28

Hilde: tusen takk:):)

:)

31.07.2016 kl.11:33

Kom akkurat hjem fra ferie til denne hyggelige nyheten!! Gratulerer så masse, det kommer til å bli super kos!!! Lykke til med resten av svangerskapet!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv