hits

Gravide kommentarar

Tusen takk for alle hyggelege helsingar på facebook, og takk for mailar:) Det er alltid godt å dele gledelege nyheiter, så får eg krysse fingrar for at det går bra resten av svangerskapet også.

Tenkte å skrive litt om det å være gravid og få kommentarar frå folk. Kommentarar om utsjånad og storleik på det helligaste - magen. Ein kroppsdel eg ikkje har hatt det største vennskapet til opp gjennom åra. Ein kroppsdel eg har hata å vise fram, som eg har holdt inne og som eg har følt passa best bak ein laus topp. No er akkurat den kroppsdelen på veg utover, det er umuleg å holde den inne og skal eg bruke lause toppar ser eg meir stor enn vanleg ut.



Eg har ikkje noko problematisk forhold til å bli større, sjølv om fortida har sagt noko heilt anna. Eg vil at babyen skal ha det godt og få vekse seg stor og ferdig, men sjølv om forholdet til den veksande kroppen er bra, reagerer eg sjølvsagt viss nokon kommenterer ekstra mykje og tar seg til rette med hender for å bekrefte at den er i vekst. Som idag med tannlegen. Koseleg som han, er og ja vi har mykje galgenhumor oss imellom, blei eg likevel litt sett ut når han drog t - skjorta mi inntil magen for å sjå om den var der. Der og då smilte og lo eg, men likevel var det ikkje direkte behageleg. For,- eg begynner å tenkje. Ser eg stor ut? Synes det så godt? Korleis vil det sjå ut i siste halvdel av svangerskapet? 

Det er ikkje lett å takle endringar uansett om ein er frisk eller ei. Eg hugsar at dette var sårbart då eg gjekk med Noah også, men som idag, er barnet i magen viktigast og eg fokuserer heller på lukka over å være istand til å bære fram eit nytt liv. Det har ikkje vore ei selfølge, så då får eg heller berre lære meg å takle kommentarar. Det er forhåpentligvis godt meint.

Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv