hits

#utdrikningslag #sexymoves #tusentakkjenter

Tusen tusen takk for ein fantastisk dag med overraskelsar, mykje latter, god skravling og sexy moves.

Å bli overraska er både skummelt og ekstremt moro. Forlover Cecilie har fiska litt og visstnok hatt mange planar, men så enda dama opp med bolle i ovnen, og nokre av påfunna gjekk åt skogen. Likevel traff ho veldig godt då eg skjønte kva vi skulle. Iallfall bydde Sometimes Pole Dance Studio på nye utfordringar. Ikkje med stengene, men med stolar og musikalsk koreografi. Til slutt måtte forlover og eg opptre. Hehe... Det blei lett blanding kan du sei.

Det finaste med heile dagen var uansett all den gode praten vi fekk tid til. Mimring om gamle dagar og nyare...Gode timar i Oslo under sol og litt torden. Middagen blei innteke på Grunerløkka og Villa Paradisio og avslutta på ein kul uteplass med navn Himkok i Storgata.

Pizza - etter 10 år uten smak av denne fantastiske delikatessen har dama fått dilla slik ho hadde før ho blei sjuk...Elskar pizza i alle variantar; heimelaga, take away og på ekte pizzarestaurant.

Girlpower:)

Tusen tusen takk igjen til Cecilie( bilde under), Kari, Ingunn og Silje. Og takk for helsingar frå resten av godjentene:)

Springerinneklem

2 kommentarer

Cecilie

31.07.2016 kl.18:30

Takk for ei nydelig helg fine du! Snakk om å ta utfordringar på strak arm, digger deg! 😘❤️ Sees om et par uker snupp, hils guttane så lenge 😃

springerinne

31.07.2016 kl.19:24

Cecilie: Tusen takk for ein nydeleg dag. Storkoste meg frå det minuttet du henta meg. Knalldag:) Stor klem til den beste snuppa

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv