hits

Når svangerskapet kjennes annleis enn sist

Då eg var gravid med Noah gjekk treninga som ein leik i forhold til idag. Tenkte eg skulle skrive litt om korleis det er å oppleve to ulike svangerskap for ei som er veldig glad i å bevege seg og som ikkje minst er eks spiseforstyrra.



Eg må innrømme at det ikkje var like lett å innsjå i starten av formen dala drastisk. Frå å kunne løpe 8x1000m intervall i eit godt tempo uten å være altfor sliten, -  til å puste som ein kval på roleg langtur gjorde meg ein tanke deppa. Eg håpa likevel at det skulle kome seg etter at kvalmen gav seg, men eg kan vel ikkje sei at den har snudd drastisk akkurat. Det er rett og slett annleis denne gongen, og det gjorde meg også oppmerksam på at det kanskje var ei jente i magen. Det fekk eg jammen rett i.



Eg trur ikkje at kjønnet på babyen betyr alt når det kjem til formen, for det er nok andre faktorar som spelar inn også. Det er tross alt ikkje lenge sidan eg gjekk gravid og kroppen merkar kanskje akkurat det. Uansett har eg innfunne meg med at det er slik, og at eg ikkje kjem til å verken springe intervallar eller utføre andre større stunt i resten av svangerskapet. Men det betyr ikkje at eg treng å legge meg på sofaen heller. Det finnast andre treningsformer som er fine å utføre sjølv om formen kjennes litt uggen. Som turen eg hadde igår; Gåtur i motbakke til hoppbakken, så opp trappene og derifrå lett jogg ned att til bilen. Ikkje den lange biten, men nok til å få opp pulsen og kjenne litt på melkesyra opp trappene. 

Aktiv som eg er med løpinga ellers, og med ein lidenskap for å slite meg skikkeleg ut innimellom har det teke litt tid å venne seg til tanken på at kroppen ikkje orkar dette på noverande tidspunkt, og eg veit at mange andre gravide slit med berre det å kome seg ut på grunn av bekkenløsning osv. Eg er difor veldig glad for at eg er kvitt den voldsomme tvangen eg hadde før; at eg måtte gjere det og det før eg fekk slappe av. Hadde eg hatt den idag ville det gjort graviditeten ( som skal være positiv) til eit ork.

Så, til deg som er i same situasjon der kroppen bær på eit nytt liv, den endrar seg i takt med tida og du får ikkje trena det du vil: Det finnast alternative måtar å bevege seg på utan at du treng å kjenne deg heilt pyton. Som for eksempel:
* Gåturar på fjellet eller i trapper som eg gjorde igår.
* Styrketrening
* Ro på romaskin
* Svømming
* Rulleski
* Lett jogg med gange innimellom

Og ikkje minst er det viktig å akseptere at kroppen skal endre seg. Den skal auke i vekt, og den vil kanskje bli fylt av ekstra vatn osv.. Slik er det for alle på ulike nivå sjølvsagt, men vær stolt og glad for at du kan bære fram eit lite vesen som er DITT verk.

Vel, dette var eit lite innlegg frå ei som har jobba med seg sjølv dei siste par månadane, som har innfunne seg med at aktiviteten må skruast nokre hakk ned og som aksepterer det å faktisk kvile når kroppen seier ifrå.

Legg ved eit bilde av ein svært aktiv kar for tida. # noahmin # 1årog9mnd 



Springerinneklem

 

2 kommentarer

Mariel

05.08.2016 kl.17:06

Gratulerar med magen! Eg er også gravid med nr to no, og har heilt motsett oppleving. Trass i at eg løfta mykje vekter og sprang ein god del før førre svangerskap var det heilt umogleg for meg å halde formen ved like. Litt av det handla om frykt for å gjere noko feil og farleg, men det meste handla om dårleg form på den gravide kroppen. Denne gongen har eg faktisk klart å ikkje berre halde springevanene ved like, dei har til og med vorte betre. Kanskje det rett og slett no handlar om det at ein set pris på å kunne kome seg ut, å få vere åleine og å vite litt betre denne gongen at det ikkje er farleg å vere aktiv. I tillegg var jo forventningane til kva eg skulle klare kjempelave, så eg har kanskje vorte positivt overraska. Heia deg! Kjekt å lese det du skriv.

springerinne

06.08.2016 kl.12:14

Mariel: Heisan, så flott at du held deg aktiv og at det kjennes bra. Eg har snudd tankegangen min ein del dei siste vekene, når eg har innsett at eg ikkje orkar å trene slik eg trudde eg kunne samanlikna med sist, men kjære vene; eg er ute og joggar, trener styrke og syklar, og den tida set eg stor pris på fordi det kjennes godt å være ute og det er som du seier deilig med litt åleinetid. Og uansett kva tempo løpinga går i no, er den positiv med tanke på å få ein grei form gjennom heile svangerskapet.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv