hits

Ei lita utflukt

Det er ikkje så lenge sidan vi var på hytta i Stryn. Ein stad vi likar oss svært godt, men så er det eit stykke å køyre for berre ei helg. Då er det godt å kunne ta turen til vakre Ilsetra på Hafjelltoppen, berre 20 minutt i bil frå Lillehammer og få minuttar frå Pellestova kor min kjære og eg møttes første gong.

Bilen var temmeleg full i det vi tok av heime. Løpevogn, bæremeis, reiseseng, reisestol, syklar, kle til regn og sol, mat etc....Det ballar seg fort opp med små barn ( og " verre" skal det bli). Men det er vel verd det når vi ser smilet på Noah når han kan utfolde seg, skrike litt når sauene brekar og får chips før klokka er 1700.)





Det blei enkle, men svært gode spagetti bolognese til middag. Mmm, elskar den retten...



Noah har vakna mellom 04.45 og 05.30 dei siste dagane, men imorgon kryssar vi fingrar for at han velger puta litt lenger. Ellers blir det utedag, innekos og OL på Tv`en.

Ha ein fin fredagskveld.

Springerinneklem

Én kommentar

Znippen.no

05.08.2016 kl.22:25

Håper du har en flott kveld! Feel free til å ta en titt innom min nye blogg og følge den på facebook :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv