Halvveis
Ei lita gravidoppdatering for dei som er interesserte.
Er no halvveis i svangerskapet - ei reise som har bydd på mykje glede, søvn og ei litt meir sliten dame. Er vane med masse energi, men den har vore veldig opp og ned desse fem fullgåtte månadane. Noko eg håpar blir litt betre etter at jordmor ba meg til jern. Å gå til jordmor er forøvrig noko eg gler meg til. Då får eg høyre hjertelyden på den vesle jenta, og prata om korleis forma er, og korleis eg har det.
Dette med vektauke er også eit tema hos jordmor. Ho veit om fortida mi og er oppteken av at eg legg på meg slik eg skal, og tek vare på meg sjølv. Akkurat det med å legge på meg ser ikkje ut til å være noko problem. Ho var iallfall veldig godt fornøgd med ståa idag. Eg derimot innrømmer at vektsjekken ikkje er det artigaste med jordmorbesøka. Dette tenkte eg å skrive meir om i eit nytt innlegg. Det er nemleg enkelte remediar og handlingar som fortsatt kan sitje i ryggmargen sjølv kor frisk ein er ellers i kvardagen. Ein følelse eg truleg ikkje er heilt åleine om.
Kort oppsummert:
Termin: 31. desember 2016.
Kor langt på veg: 20 veker - fem fullgåtte månadar
Lyster: Farris i alle smakar. Kjedeleg, men sant.
Liv i magen: Masse liv, noko eg elskar å kjenne.
Om treninga: Løpsforma er veldig opp og ned. Ein dag ok, neste elendig. Styrketrening og sykling går fint.
Plager: Trøtt, ellers bra.
Kjønn på babyen: Jente!
Tankar om navn: Har to favorittar.
Søvn: Det var den sovinga då. Får nesten dårleg samvit av alle timane eg kan legge bak meg når anledninga byr seg...
Fødselsforventningar: Skyv det ifrå meg.
Humør: Stort sett veldig bra, men meir sliten enn vanleg.
Vektauke: Ja! Opp seks kilo så langt.
Innkjøp: Eit par klesplagg, ellers står barnevogn, bæresele, nest og ammepute høgt på prioriteringslista. Heldigvis er det god tid att.
Springerinneklem