hits

Sterkt og veldig personleg

"Hvis jeg forsvinner, ser du meg da?" Berre tittelen gjev meg vonde vibrasjonar, men når forfattaren si sending av boka låg i postkassa kunne eg ikkje vente lenge med å begynne ( og denne dama er ingen lesehest).



Dette er ei historie om å bli forlatt av sin aller næraste, det å ikkje kjenne seg god nok, ein kamp mot spiseforstyrra tankar, tvang og mange rop om hjelp. Det er personleg, ærleg og tøft å lese. Kanskje ekstra tøft for dei som har opplevd dei same vonde frustrerande kreftene som kan bryte ned eit menneske fullstendig.

Eg har nokre sider att av boka, men eg kan med handa på hjertet anbefale ho på det varmaste. Det er ei bok som mange av oss kan ha godt av å lese. Her er det ikkje spart på detaljar, og du får være med på ei reise med opp og nedturar i ei ung jente sitt liv. Boka kom ut for nokre år sidan, men er absolutt høgaktuell idag. Forfattaren Kristine Getz held også på med si andre bok med navnet "Ikke som planlagt." 



Du kan lese meir på bloggen hennar. Ho skriv fryktleg godt. Ja, så godt at du ikkje vil legge frå deg boka.

Tusen takk for at du sendte orda dine i posten Kristine. No skal eg lese meg heilt ferdig.

P.S Du skal få mi bok også når eg får tak i fleire:)


Springerinneklem
 

2 kommentarer

Kristine

11.08.2016 kl.19:24

TUSEN takk for fantastiske ord, Kristin. Dette varmet veldig :) Gleder meg til å lese din bok også!!!

springerinne

11.08.2016 kl.20:04

Kristine: Skulle berre mangle at eg skriv meininga mi. Du er utruleg dyktig til å formidle. Eg håpar du har det bra der du er no og trivast med livet. Gler meg til neste bok. Klem

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv