hits

Det verste eg veit er å bli lurt

Ja, er det noko som kan irritere meg grønn og gjere meg oppriktig sint er det å bli lurt. Bli svindla. 

Dette ligg litt utanfor dei vanlege innlegga mine, men eg føler for å advare andre.



I fjor haust kjøpte eg nokre elegante og gode hodetelefonar som skulle gje meg solid musikk oppleving. Eg hadde ynskt meg dette lenge og svelgte unna prisen. Lyden og komforten var fantastisk. Ingenting å klage på, men dei blei rett og slett for "store og tunge" til trening - der eg lyttar mest til musikk. Eg valde difor å legge dei ut på finn.no forrige veke. Tenkte at det kanskje var nokre andre som ville bruke dei meir, og eg kunne kjøpe meg nokre gode øyrepluggar. Etter å ha knipsa bilder, og lagt ut annonsa fekk eg ein kjøpar temmeleg raskt. Eg stussa litt på navnet då det ikkje var typisk norsk, men eg valde å legge vekk fordommane. Han lovde å sette inn på pengar og sende meg eit skjermbilde av bankoverføringa. Då den kom sende eg headsettet som pakke. Eigentleg tenkte eg brev, men postdama anbefalte pakke sidan det var verdifulle saker og eg kunne spore den opp viss det skjedde noko. Eg gjekk for den, og så var Bowers&Wilkins opplevinga på veg til Drammensområdet. 

Men pengane kom ikkje. Eg tenkte kanskje det ville ta litt tid då vi hadde to forskjellige bankar, men etter fleire mailar til vedkomande utan svar fekk eg ein ekkel følelse. Her var det ugler i mosen, så eg spora pakken og såg til mi fortviling at posten hadde gjort jobben sin; å sende den raskt avgårde. Eg ringde likevel postkontoret i Drammen og heldigvis var den ikkje henta. Eg fortalde at eg har "drite på draget", og ville ha dei i retur så raskt som mogleg. Postdama lo litt, og hadde garantert høyrt om liknande episodar før. Eg skjemdes over naiviteten min. Dette skal eg iallfall aldri gjere ein gong til. Nei, takke meg til å møte vedkomande ansikt til ansikt og få lappane i handa.

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv