hits

I bryllupsmodus

Tida går så forbaska fort. No er det 3 1/2 veke att til flyet lettar frå Oslo til Barcelona. Til reisa kor eg skal bli konemor. Eg gler meg vanvittig masse.


 

Kjolen er eit viktig plagg for ei brud, og eg var ikkje treg med å bestille det eg trudde skulle være den rette. Den kom i posten temmeleg raskt, men i mellomtida hadde eg klart å bli gravid. Kjolen var det lite å seie på, men den sat akkurat og hadde dermed minimal plass til nokre ekstra kilo. Eg valde difor å selge den, noko som heldigvis ordna seg i løpet av same veka. Så var det å finne ein ny. Eg leita og leita, og til slutt fall valget på ein med plass til litt ekstra rundt midja. Ein enkel og passe kort kjole som eg trur skal passe fint til eit "syden bryllup". Bilder legg eg ut når jenta er smidd i hymnens lenker.

Å arrangere bryllup i utlandet er både spennande og skummelt. Spennande fordi det er i heilt nye omgjevnadar, litt mindre formelt sidan vi ikkje er så mange, og skummelt fordi ein må fikse diverse ting når vi kjem fram og fordi vi har barn med oss. Det betyr at alt kan skje. Hedigvis er både bestemor, mormor og morfar med. Det er gull verd.



Eg skal skrive meir om bryllupet, kva vi valde av restaurant, blomsterforretning osv når den tid kjem. Før den tid må vi få dei nødvendige papira i orden, så vi i det heile tatt blir gift:):) Lenge leve sommarferie og skatteetaten:)

Springerinneklem

4 kommentarer

Ida Kristine

12.08.2016 kl.21:32

så spennede, og veldig kule sko!

ha en fin kveld

springerinne

12.08.2016 kl.22:00

Ida Kristine: Tusen takk:) hiihi

Maike

13.08.2016 kl.12:44

Åå dette blir spennende! De skoene er veldig fine!! Er spent på kjolen ;) Ha ei fin helg

springerinne

15.08.2016 kl.14:48

Maike: Takk Maike. Ja det er spennande. Angåande kjole er eg fryktleg spent sjølv då eg må til sydama neste veke. Må vente lengst muleg før eg gjere noko med kjolen slik at ikkje magen veks ifrå den....haha

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv