hits

Ein befrielse



Det er nesten ikkje til å tru, men sidan eg starta med ekstra jerntilskudd for 1 veke sidan er forma som dag og natt, både i vanleg forstand og på trening. Det er rett og slett ein stor befrielse å sleppe den daffe trøtte kroppen. Etter nokre fine løpeturar utan å bli merkverdig sliten forrige veke prøvde eg meg på intervall idag. Og jammen gjekk det ikkje fint med 4x4 minutt på ein puls mellom 155 og 160 ( har lav makspuls og kvilepuls for den del, så syra kjem som regel allereie rundt 166-168 i puls).



At det går lettare på trening er berre ein bonus, det viktigaste er at eg endeleg har energi til å gjere dei daglegdagse tinga og kose meg med skrivinga utan at augeloka henge ned på knea. Og så er det jo greitt å halde seg vaken til OL sendinga frå friidrettsarenaen...


Så eit tips til gravide som føler seg veldig trøtte. Sjekk jernet ditt!
Springerinneklem

 

4 kommentarer

Maike

15.08.2016 kl.20:58

Det stemmer! Viktig å sjekke seg for jern, uansett. Merker det spesielt når eg trener så masse! Fleire fra laget har slitt med jernmangel og fått ødelagt sesongen sin på grunn av det... Ha ein fin dag!

Anne-Helene

16.08.2016 kl.09:38

Hvilket jerntilskudd tar du?

springerinne

19.08.2016 kl.07:45

Anne: Eg tar Hemofer. Blir ikkje dårleg i magen av dei heller.:)

June

20.08.2016 kl.19:51

Hei!

Har lurt litt på det med makspuls og syre. Eg kan springe på fjellet og bli stokk stiv og pustar tungt. Likevel er pulsen under 170. Er det normalt når du er 33 år?

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv