hits

Eg mista latteren min

På treningssenteret i Lillehammer
-Ler du av meg?
-Nei, eg sa Hei, og ja, så lo eg litt, men slik er eg berre.
-Åhja, men det er koseleg. Korleis går det?


Slik kan ein samtale starte med meg. Eg smiler og ler litt. Er glad, men ikkje minst, - meg sjølv. Akkurat slik eg var då eg var ungdom og fekk navnet Knisa på russehua.

Men så blei smilet og latteren bytta ut med eit tomt blikk og ein følelse av å ikkje være tilstades, verken i mitt eller andre sitt liv. Spiseforstyrrelsen åt opp den blide jenta. Over mange mange år. Til slutt var den "gamle "personen så langt borte, at å finne den att ,såg eg på som ein umulegheit. Ikkje visste eg om det var eit ynskje heller.


Mista meg sjølv: Sjuk, slapp og ikkje den glade Kristin som ellers ville STRÅLA på tur til New York....( -09)

Likevel var det noko av det første "dama mi" ( psykiateren) tok tak i då eg starta i behandling. Kven var Kristin før ho blei sjuk? Kven var den jenta som ikkje brukte energi på kaloriar, forbrenning, planlegging, og som hata seg sjølv? Kva liv hadde ho då? 

Eg måtte leite fram gamle album, snakke med venninner og legge hovudet i blaut. Resultatet skremde meg. Det var så fjernt. Ja, eg kunne ikkje forstå at det var same person. Ei jente på 15 kilo meir, med rundare ansikt, smilehol og tilsynelatande avslappa. Enorme kontrastar til skyggen som sat i den grøne sofaen på Ullevål.

"Dama mi" ville ha meg til å beskrive den tida. Korleis tenkte eg? Kva gjorde eg av sosiale ting? Minna kom på rekke og rad etter meir eg grubla og eg måtte innrømme at det var gode minner. Spagetti i kjøttsaus på hytta og lasagne etter skulen med barndomsvenninna mi, kosekveldar med Big One pizza hos min første kjærlighet...Ja det var mange gode minner både med og utan mat. Det var faktisk ein grunn til russenavnet Knisa etter tre år på vidaregåande. Eg lo masse og var så til dei grader "i vater".

Etterkvart som medisinen begynte å virke, og eg fekk fleire kilo på kroppen som gjorde at hjernen fungerte betre kjende eg saknet etter den gode gamle jenta. Ho som nokre månadar før var frykteleg fjern. Å bli seg sjølv att blei eit mål i behandlinga. Eit mål eg oppnådde etter eit par år med hardt arbeid. Eg angrar ikkje eit sekund den dag idag.

Eg veit at det er mange som slit med akkurat dette. Sjukdomen har teke over livet fullstendig og ein er livredd for å misse den kontrollen ein trur ein har. Kontroll over matinntaket, treninga, planane. Ja livet. Men slik er det ikkje. Det er spiseforstyrrelsen som har kontrollen- ikkje du, og det er den du må gje slepp på. Og den dagen du klarar nettopp det, vil du takke deg sjølv ufatteleg mange gongar.


I dag: To glade sjeler på ein liten løpetur i sola = fordi det er lystbetont!

Å miste smilet og latteren du eingong hadde er slett ikkje morsomt.

Alvorsklem frå Springerinne

 

 

 

 

4 kommentarer

18.08.2016 kl.22:56

Takk for at du deler slike viktige og alvorlige erfaringer, Kristin. Jeg kjenner det gjør vondt langt inn i hjertet mitt når jeg leser dett fordi jeg kjenner meg igjen i det å miste meg selv og deler av den jeg en gang var. Bare det å 'innrømme' det og si det høyt her skaper konflinkter i meg. Den uendelig kampen og krigen og frykten. Det er så fint å lese om dere som har vunnet disse krigene- det gir håp om at jeg kan finne meg selv igjen en gang- kanskje. Takk....

springerinne

19.08.2016 kl.07:48

Anonym: Eg veit akkurat kva du meiner, men det er også på bakgrunn av det eg kan med trygghet sei at det ikkje er farleg å begynne den lange vegen. Det er vel verd det!!!!!! Men du treng hjelp. Å klare det åleine er ikkje å anbefale.:)

Kari

19.08.2016 kl.10:59

For eit veldig fint innlegg! Forklarer så godt til oss som er så heldige å ikkje ha prøvd, korleis det er og kva ein mistar ved å ha spiseforstyrring!

springerinne

20.08.2016 kl.08:53

Kari: Tusen takk:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv