hits

Ikkje la spiseforstyrrelsen ta valget

Det er to år sidan eg låg på alle fire og vaska den vesle hula mi i Ski. Det var varmt, Noah sparka i 8 månad og eg gjorde meg klar for eit heilt nytt liv på Lillehammer.

To år før der att, ville eg stussa. Då hadde eg nok med meg sjølv, få livet på rett kjøl og mestre dei daglegdagse tinga som å lage regelmessige måltid, kome meg ut med venner, mestre jobben som redaktør og fortsette kampen mot spiseforstyrrelsen. Å tenke tanken på å bli mamma var fortsatt eit godt stykke unna.

 

Eg har kontakt med fleire som har passert dei 30 og framleis slit med spiseforstyrrelsen, som begynner å tenkje på at tida flyr ifrå ein. Nokre har likevel innfunne seg med situasjonen og seier at det ikkje er så farleg om dei verken blir mamma eller får familie. Det er eit valg som kanskje kan være rett for den personen, men ikkje la det bli spiseforstyrrelsens valg. Den veit nemleg å fortelje deg kva som er viktigast for å halde den sjuke livsstilen ved like. Ei stemme som ikkje forsvinn viss du ikkje tar opp kampen.

Du skal først og fremst kjempe for deg sjølv. Kjempe deg fri frå alle begrensningane slik at også du kan gå ut blant venner, nyte god mat og drikke, oppleve å glede deg til noko, kjenne energi og spontanitet. Alt dette tek tid å oppnå, og det er tøft å gå gjennom. Likevel kan ingenting samanliknast med gevinsten av å bli frisk. Undervegs vil du oppleve at synet på deg sjølv, og livet rundt deg endrar seg. Og det er i denne prosessen også tanken på familie og barn kan dukke opp for alvor. Då er det frykteleg trist viss du har venta for lenge med å ta opp kampen.

Eg opplevde iallfall dette etter dei to første åra i behandling. Eg mestra kvardagen etter skilsmisse, kjøpte mi eiga leilighet og heldt sjukdomen på avstand. Først då, - i ein alder av 34 kjende eg at det å bli mor kanskje ikkje var så fjernt likevel. Eg kjende iallfall ein lettelse over at eg hadde valgt å få kroppen oppe å gå att slik at moglegheita var der før eg blei for gammal.



Eg veit det er vanskeleg å tenkje slik når ein er sjuk. Men får du hjelp til å sette ord på ting, og ikkje minst hjelp til å ta opp kampen er du på god veg til å kunne få begge valga. Både det å kjenne friheita, og det å kanskje ein dag bli mamma.
Det er iallfall det største eg har opplevd.

Springerinneklem

 

5 kommentarer

Synne

22.08.2016 kl.23:07

Eg har nett begynt behandling på Modum Bad i håp om og ein dag komme dit, få min egen familie, eit liv. Trengte og lese orda dine no, kjenner dette blir ein veldig tøff veg og gå, og tvilen(angsten) tar fort overhånd, vil berre heim. Men må vell stole på at behandlinga kan hjelpe, at det er eit bedre liv på andre sida, eller eit liv i det heile tatt. Du er ei stor inspirasjonskilde, takk for at du deler

springerinne

23.08.2016 kl.19:56

Synne: Hei Synne. For en fin kommentar Lena ga deg. Ho veit kva Modum Bads behandling er, så lytt til dei orda. Eg kan berre sei ein ting. Det er knalltøft å bli frisk, men når du har klart å lytte til spiseforstyrrelsen klarar du å lytte til det friske livet. Å være spiseforstyrra er heilt forferdeleg. Du nektar deg ting, du er ikkje sosial, du kjenner deg annleis, du vil helst være åleine og du tenkjer mykje negativt. Dette er ikkje eit liv du fortener og ikkje eit liv som er framtida. Bruk behandlarane for det dei er verd og kjemp mot dei vonde tankane. Det å gå opp i vekt, det å ete " ny" mat, det å angripe tvangstankane er tøft, men ikkje umuleg. Det er derimot livsviktig for ein dag å leve eit fritt liv. Du skal ikkje ha dårleg samvit for å trosse dei spiseforstyrra tankane. Det er berre ein styrke!!! Det er DU som skal bestemme og vise kven som er sjefen!!!!!!!!!

Lena

23.08.2016 kl.08:35

Kjære Synne! Jeg må bare få si til deg så bra du har startet på denne veien mot frisk-livet. Det er veldig flinke folk på Modum bad. Jeg har selv vært der og fikk mye hjelp.. Er det et råd jeg har å komme med til deg, kjære Synne så er det å begynne den tøffe jobben med en gang og stole på folkene som jobber der! Det er du som må gjøre jobben og gå veien, men stol på at de er der og går med deg, hjelper deg og tar i mot deg når du trenger det. Gjør det mens du er der og er på en trygg plass! De tåler det. Plutselig er tiden over og du vil angre på at du ikke startet jobben før. Bare et råd fra meg til deg. 😊

Og du kjære Kristin.. Takk for at du deler og gir håp til oss som fremdeles har en vei igjen å gå.

springerinne

23.08.2016 kl.19:56

Lena: Takk for at du skreiv dette!!!!

Synne

23.08.2016 kl.21:47

Takk til både deg og Lena, godt og høyre fra nokon som faktisk har vore her at eg burde stole på det og gå all in fra første stund, har bestemt meg for å virkelige gjere det. Spiseforstyrrelsen er ein ensom sjukdom som ødelegger alle drømmer, vil ikkje kaste vekk meir av livet mitt på det. Takk for all støtte og oppmuntrande ord!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv