hits

I 6.månad og tankar

Her kjem ei lita oppdatering frå springerinnemagen for dei spesielt interesserte.

Forma er mykje betre. Det gjev energi og glede i kvardagen. Ellers er fokuset mest på bryllup for tida. Det er 2,5 veke att, så det meste bør begynne å bli klappa og klart. Kjolen skal til sydama i morgon, frisør er bestilt i Barcelona og brudebukett er bestilt på en ekte spansk blomsterbutikk. Iallfall kjem mailane på spansk, så er glad google oversetter finst.:) 



Termin: 31. desember 2016. 
Kor langt på veg: 22+0
Lyster: Veldig glad i brødskiver med kvitost og tomat, og så har eg fryktleg lyst på spekepølse...innrømmer at eg ikkje klarar å halde meg heilt unna sjølv om det anbefalast.
Liv i magen: No ser eg sparka på utsida. Morsomt.
Om treninga: Mykje betre. Har løpt fleire lengre turar i skogen og eit par intervalløkter. Det er så mykje kjekkare å være i aktivitet når ein slepp å dra beina etter seg.
Plager: Ingen spesielle, men det gjer fortsatt godt å ta seg ein blund innimellom. 
Kjønn på babyen: Jente!
Tankar om navn: Har fortsatt to favorittar, men er veldig usikker på kva eg likar best.
Fødselsforventningar: Skyv det ifrå meg.
Humør: Stort sett veldig bra.
Vektauke: Ja! Opp seks kilo på siste kontroll for tre veker sidan. Blir nok meir på neste time, dagen etter vi kjem heim frå bryllup i Barcelona. Har ikkje akkurat dårleg apetitt om dagen. hehe:)
Innkjøp: Spekulerar på barnevogn på finn.no. Ei ny kostar jo flesk. 

Tankar: Tenkjer ein del på korleis Noah vil reagere når vesla kjem. Han er mammadalt delux for tida. Går eg på do vil han helst være med, og i barnehagen held han seg nær dei vaksne. Han er tydlegvis i ein fase kor han er litt engsteleg og avhengig av mykje omsorg. Det får han sjølvsagt i bøtter og spann, men eg håpar ikkje det betyr tonnevis med sjalusi når den tid kjem. Må sei eg gruar meg litt til den biten.


På løpetur idag.

Springerinneklem

5 kommentarer

lisarorvik

24.08.2016 kl.19:22

Så koselig innlegg, fine bilder :)

springerinne

24.08.2016 kl.19:28

lisarorvik: Tusen takk Lisa:)

Madelén

25.08.2016 kl.20:50

Hei flotte deg!

Jeg har nå lest ut boken, og syntes den fortjente litt ros; http://maadeleen.blogg.no/1472060142_24082016.html Håper det er ok at jeg legger ut linken her. Er ikke meningen å reklamere eller noe, men ønsker bare du skal lese hvor mye du inspirerer meg :D

Ha en fortsatt fin kveld!

springerinne

26.08.2016 kl.06:06

Madelén: Herregud så fantastisk skreve og tusen tusen takk. Eg må berre dele dei fine orda på bloggen min. Og så må eg berre sei at det ikkje er flaut å være 30 og spiseforstyrra, men eg håpar du kjem deg ut av det lenge før den tid!!!!!! Klem klem

Madelén

26.08.2016 kl.19:24

Svar; Så fint at du likte innlegget, og så hyggelig at du har delt det det! Flaut er nok å sette ting litt på spissen, men greia er vel mer det at jeg ikke vil bruke så mange år på å bli frisk. Jeg er heldigvis ikke mer enn 23, men ser allerede nå at det er mye annet jeg gjerne ville gjort! Klem tilbake :D

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv