hits

Livet som frilans

Ein ting har gnaga godt i sjela etter at eg flytta til Lillehammer; - mangel på fast jobb. I det eg kom hit som høggravid, og med 7 år som redaktør for Magasinet Birken på CVen såg eg for meg at det skulle ordne seg med jobb når permisjonen var over. Eg begynte å kike etter jobb allereie etter at Noah var nokre månadar, men oppdaga raskt at det ikkje var så mykje å velgje i, som der eg budde, like utanfor Oslo. Jaja, tenkte eg og hadde framleis eit godt håp om å lukkast.

 



Tida gjekk, eg skreiv bok og var ansvarlig for tekst til eit magasin i regi av Team Lesplan med Thomas Alsgard i spissen. Eg hadde med andre ord noko å gjere, men ikkje fast jobb i sikte. Dette har sidan den tid vore vanskeleg å finne. Eg har innsett at å finne ein jobb som eg er utdanna til her i område ikkje er enkelt. I tillegg er det jammen ikkje lett å finne noko anna heller. For ei arbeidsom og rastlaus sjel må eg innrømme at det har vore temmeleg tøft, og er framleis tøft. Følelsen av å ikkje strekke til, ikkje være god nok, ikkje gjere noko fornuftig er slett ikkje god. 

 


Bilde frå siste sak som publiserast komande søndag på Dagbladet.no.

Heldigvis ringde Dagbladet.no, mai 2015, og ville ha meg som frilanse. Eg hoppa av glede, og har sidan den gong levert saker til Treningsskolen på Dagbladet.no, noko eg stortrives med. Her får eg utfolda meg innafor temaet trening, kosthold og helse og får brukt nettverket eg opparbeida meg som redaktør i Birken, og utvida det ennå meir. Sakene eg skriv krev varierte kilder frå mange ulike miljø, og gjett om eg diggar det! Ikkje er det berre fantastisk å kjenne at sjølvtilliten som journalist stig nokre hakk, men eg blir kjent med så mange spennande menneske. Berre det å kome til Edvald Boassens familiegård var ei oppleving i sjølv. Slike møter set eg enormt pris på.

Fleksibel som eg likar å være,  er frilansjobbing topp, men så kjem det sosiale, det trygge og dei viktige tilbakemeldingane som eit sakn. 
Kanskje det er slik  -  å leve?

Springerinneklem

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv