hits

Denne boken

Å få eit heilt innlegg av ei som har lest og likt boka mi varmar ekstremt mykje. Og når vedkomande veit kva dei spiseforstyrra kreftene kan gjere med eit menneske er det ennå sterkare å få slike godord. Du kan lese innlegget på Madelen sin blogg ved å trykke HER eller på bildet. Tusen tusen takk. 



Apropo boka kan du kjøpe den på forskjellige nettsider. No ligg den mellom anna ute HER til 262,-
 

Ellers er det full Birkenoppstandelse på Lillehammer. Vi har besøk av vår svenske nabo som er ein av favorittane i dame elite, Jennie Stenerhag. Ho blei eg kjend med i Sør Afrika for mange mange år sidan, då eg var der på treningsleir. Ho har vunne blant anna CyckelVasan og Grenserittet for nokre veker sidan, så eg kjem til å følgje spent med undervegs i morgon. Jennie bur store deler av året i Stellenbosch ( Sør Afrika), plassen i mitt hjerte. 


Heia Jennie!

Springerinneklem
 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv