hits

Livsløper - eit annleis intervju

Tidlegare i sommar fekk eg besøk av avisa Vårt Land. Dei ville lage ein reportasje om historia mi og mitt forhold til Guds tru. Eg kan vel ikkje sei at eg er den som går mest i kirka, men å be til gud innimellom har eg gjort fleire gonger. Enten kvelden før eit løp, eller før eg skal køyre i 6 timar med Noah i eit ekstra håp om at alt skal gå bra. 

Synes reportasjen blei veldig bra, men eg smiler nok meir til vanleg enn det eg gjer på desse bileta. Likevel passa dei til reportasjen. Det er kanskje ikkje så lett å lese det som står, men du kan klikke deg inn HER og lese saka eller kjøpe dagens papiravis.

 

 

 







Ellers har eg heia fram mi gode venninne Jennie til andreplass i dagens Birkebeinerritt. Gunn Rita Dahle Flesjå blei for sterk, men fysøren kor kult det var å sjå Jennie vinne andreplass i eit spurtoppgjør. Og så var ho så snill og gav meg blomstrane. Hehe... burde ha svetta litt meir for dei...

 


Jennie sin kamp mot sølvet i Birken



Noah heiar med full kraft
 


God laurdag vidare frå Noah og meg!


Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv