hits

Mykje i topploket

Det foregår mykje i topploket for tida. På mandag fekk eg ny jobb som redaktør for magasinet Skisport. Først ut året, og så håpar eg det vil bli meir. Har allereie begynt, og kan vel sei at det er ein del å sette seg inni, sjølv om eg har erfaring frå liknande jobb. Det går difor i ein del planlegging og delegering av stoff, i tillegg til at Dagbladet skal ha sitt. Men det er dette eg diggar, så eg er superhappy.



Og så er det bryllupet som nærmar seg med stormskritt. Om seks dagar er vi i Barcelona og det er litt å huske på i siste liten. Brudekjolen er fortsatt med sydama, og eg kryssar fingrar for at den passar slik den skal når ho er ferdig. Denne magen veks for tida, så berre det gjer jo det heile litt spennande. Ikkje så enkelt å halde den inne heller. Sydama held til i sentrum av Lillehammer og kallar seg for Rosa Tråd. Herlig dame som ville piffe opp kjolen med litt ekstra stash. Hihi..takkar ikkje nei til det.

Ringane er pussa og har fått inngravering, så er det berre å huske å ta dei med.


Snart ektepar:)

Ynskjer dokke ein fin dag vidare.

Springerineklem
 

3 kommentarer

saraasolheim@hotmail.com

31.08.2016 kl.11:55

Gratulerer så mye med ny jobb! :-D

springerinne

01.09.2016 kl.20:29

saraasolheim@hotmail.com: Tusen takk:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv