hits

Er dette det ein kallar nett troll?

Kjære deg som brukar tid på å irritere deg over min blogg. Til deg som kallar meg dei styggaste ting, som serverer banneord på kvar einaste linje og er tøff i kjeften. Eg saknar signatur. Ja, navn og gyldig e-postadresse. Det hadde vore interessant...

Eg sat i telefon då eg klikka meg inn på bloggen idag, og sjølvsagt les eg kommentarane eg får. Det er tross alt ikkje så mange av dei, men då eg las dagens blei eg litt stille i telefonen. Det er ikkje ofte det dukkar opp slike sjuke ord og eg visste ikkje om eg skulle gråte eller le. Det finst jammen mange merkverdige personlegheiter der ute. Skremmande, men ikkje overraskande. Og eg veit eg har vore heldig dei åra eg har vore bloggar, for dette er vel den første kommentaren eg har fått frå eit såkalla nett troll.  Det får meg til å tenkje på dei mest leste bloggane i landet. Der er det nok ti gangar verre. 

Det dokke les heilt oppe er berre ein liten bit av kommentaren. Resten var mindre pent kan du sei, og eg valde å slette den med tanke på dei fryktleg stygge orda, men eg har teke vare på både mailadressa ( som garantert ikkje er gyldig) og heile teksten. Spennande å sjå om det dukkar opp meir. 

Til alle som får slike vonde "besøk": Ikkje bry dokke. Slett og bli ferdig med det. Det har iallfall eg gjort.


Ynskjer dokke ein fin fredag.

Springerinneklem




 

10 kommentarer

SiljesWorld

02.09.2016 kl.17:53

Dessverre er det alltid noen som skal klage over alt å ingen ting..

Bare glem dem som slenger ditt. De har ikke noe bedre å ta seg til med!

Ha en riktig fin kveld :D

springerinne

03.09.2016 kl.21:25

SiljesWorld: Enig:)

Siv Una Hagen

02.09.2016 kl.18:12

Har alltid lurt på dette behovet for å gi slike beskjeder. Må vere relatert til en ide om at en berre kan løfte seg sjølv ved å trø på andre, eg veit ikkje. Les jo ofte nok ting eg kan himle med augene av, men vanligvis scroller en jo vidare og finn meir interessante ting å lese. Når dette i tillegg handler om tema av slik sensitiv art, kan en iallefall lure på mennesket det gjeld. Eg syns iallefall at, blant all verdas bloggar uten substans, er din verdifull, oppløftande og viktig. Takk for at du orkar :-)

springerinne

03.09.2016 kl.21:25

Siv Una Hagen: Takk Siv Una. Det er ikkje lett å vite kvifor slike reaksjonar kjem, men eg velger å ikkje ta det innover meg. Hadde det vore noko eg føler eg hadde gjort feil var det annleis, men dei orda eg fekk servert ( som eg ikkje torte å publisere pga ordbruken) var rett og slett så lavmælte at eg kan ikkje ta det seriøst.

Tone

03.09.2016 kl.19:19

jeg tror ikke det er til å komme unna at en sjelden gang dukker det opp helt vanvittig syke, syke folk som får noe ut av å skrive sånt. La det passere og fokuser på de 99,99 % som digger det du skriver og gleder seg over nye innlegg. Det har aldri fremstått for meg som om at du søker medlidenhet, og jeg har fått både inspirasjon og hjelp fra å lese innleggene dine.

Håper alt er bra med dere og det lille gullet i magen :-)

springerinne

03.09.2016 kl.21:22

Tone: Takk Tone. Nei, medlidenhet har eg aldri tenkt på. Eg vil berre være til hjelp viss eg kan for andre. Ja det er mange sjuke folk " der ute" dessverre, men eg velger å ikkje la det gå inn på meg sjølv om det ikkje var dei kjekkaste orda å få slengt etter seg.
Klem

Bitte-Louise

03.09.2016 kl.19:47

Det er ingenting å komme unna pluss alle sammen skal klage på noe. Men godt at alt går med den lille gutten i magen :D

springerinne

03.09.2016 kl.21:17

Bitte: Nei, det er ikkje så mykje å gjere med....Lille jenta i magen har det fint etter sparka å dømme:)

Lena

03.09.2016 kl.19:49

Off!! Eg skjønne meg ikkje på dei som gidde å legga igjen sånne negative og utnødvendige kommentarar hos andre. Om en ikkje finne det interessant å lesa eller det får blodtrykket til å stiga så kan en jo bare trykke seg videre.. Men noen må dessverre spre eder og galle for å få sin egen dag bedre og glømme at det er et menneske som sitte på andra sidå og tar i mot "dritten". Nai, kjære Kristin- det du skrive har aldri virka som noe syting eller "synd på meg" innlegg. Du skriver om din reise på vei mot frisklivet og for mange av oss som lese det du skrive så gir det håp, mot og hjelp på veien! Fortsett med det gode du gjør og eg håpe du lar de negative kommentarane prella av deg som vatten på gåså. Takk for at du dele av dine erfaringer, Kristin! Gode klem

springerinne

03.09.2016 kl.21:20

Lena: Takk Lena. Eg føler ikkje eg treng noko medlidenhet i det heile tatt og har aldri ynskt å få det heller. Det eg ynskjer er å kunne gje håp til andre. Sjølv har eg det kjempefint idag, men har hatt det tøft i mange år. Det er den erfaringa eg brukar når eg hjelper andre.:)
Tek ikkje slike kommentarar til meg i det heile tatt. Det viser berre kor sjuke nokon menneske her. Håpar berre vedkomande får hjelp.
Klem

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv