hits

Du altså...

Tidleg oppe som vanleg, du gutten min. Lys våken klokka 0530. Prøver å legge deg litt under dyna saman med meg, men du kravlar overalt og elskar å sette bleia di rett i ansiktet mitt slik at du er sikker på at mamsen vaknar. Du pratar og ler, sutrar litt og ler igjen. Ok, då, så få vi stå opp.

Klokka er 0800. Vi er ute og leikar. Du spring til naboen, finn ein kost og romsterer på plenen. Heldigvis har ingen stått opp. Du hostar litt, medan mamsen har mista stemma. No kryssar ho berre fingrane for at sjuka er over til flyet lettar på tysdag. Vi kan jo ikkje være sjuke på bryllupstur.

Så spring du litt til, setter deg på trehjulsykkelen og akar deg bortover på Noahvis. Mamma må smile. Makan til energi ein søndagmorgon. Skulle gjerne hatt litt av den sjølv.



Søndag eller ei. Kva dag det er i veka har ingenting å sei for ein liten tass, og "verre" skal det bli om nokre månadar når du får ei veslesyster. Det er vel berre å lade opp batteria og hovudet.:) Men no skal eg nyte åleinetida med deg gutten min til pappa kjem att frå sykkelritt og vi er tre igjen.

Springerinnesøndagsmorgonklem


 

2 kommentarer

Kristine

04.09.2016 kl.10:18

Jeg er så glad på dine vegne, Kristin! Og så krysser jeg fingrene for at dere blir friske til bryllupstur, begge to :)

springerinne

04.09.2016 kl.12:14

Kristine: Tusen tusen takk Kristine. Vi gler oss og satsar på at det skal gå fint!! Klem til deg

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv