hits

Kvar er idretten?

Om litt over ein månad skal eg for andre gong i år til Førde i Sunnfjord for å halde foredrag. Eit oppdrag eg både får sommarfuglar av og som eg gler meg til. Men kvifor held eg foredrag? Kvifor er det ein stad eg ynskjer å formidle bodskapen min på?



Det er mykje godt å sei om det skrivne ord. Eg kjenner at det passar meg veldig bra, sidan eg elskar å formulere tankar via tastaturet, men det er noko heilt spesielt å bruke stemma si også, - i levande live. Det å sjå publikum i auga, sjå at dei fylgjer med, er interesserte og har spørsmål i etterkant. Det er desse augenblinka som motiverar, og som eg trur inspirerer motsett veg for dei som sit i salen. 

Det eg likevel undrar meg over er mangelen på dei som bestiller oppdraga. Ikkje det at eg er noko betre enn andre, men eg saknar idrettslag og idrettsmiljø som kanskje slit med akkurat det eg snakkar om; spiseforstyrrelsar i idretten. Joda, eg har halde  foredrag for idretten, men ikkje på langt nær så mange som eg trur kan trenge det. Kan trenge å høyre kor gale det kan gå, kor øydeleggande det, er og kor lite ein får att av ved å ete lite og trene mykje. Samfunnet idag er prega av eit usedvanleg stort kroppspress og idretten er ikkje eit unntak. Der er jo kroppen tross alt eit arbeidsverktøy ein er avhengig av, og som mange dessverre bryt ned i staden for å bygge opp. Det er ikkje vegen til å bli best.


Vel, eg ser fram til å halde foredrag i Førde om ein god månad. Kan eg hjelpe nokon ved å fortelje historia mi på vondt og godt, så er det ingenting som varmar meir enn det. Men eg oppfordrar likevel idretten til å ta i et ennå større tak, og eg veit at ungdomen idag treng meir enn å høyre på ein velutdanna person innan kosthold. Ungdomen sjølv veit nemleg meir enn vi trur, men det å høyre om og sjå baksida av "medaljen" er noko heilt anna. Mange der ute treng ein ordentleg vekkar.

Springerinneklem

2 kommentarer

Frida

05.09.2016 kl.09:25

Har selv vært inne på tanken om at idretten burde sette igang mange flere forebyggende tiltak som det å arrangere slike kurs. Når en nå stadig viser via forskning og målinger at problematikken rundt spiseforstyrrelser bare vokser i samfunnet, og at idretten er en av de ¨værste¨ arenaene for dette kan en spørre seg hvorfor ingen gjør noe. Er det ikke bedre å faktisk kunne forebygge at jenter/gutter utvikler spiseforstyrrelser heller enn å skulle ¨reparere¨ i etterkant? Er det ikke verdt de ekstra kronene og den ekstra tiden en bruker på slike foredragskvelder hvis en kan unngå at flere unge ødelegger flere år av livet, eller kanskje hele livet for den del?

Merker jeg lar meg rive litt for lett med her, men er så viktig å sette i gang de tiltakene som kan gjøre problematikken litt mindre..

Uansett supert at du stilller opp og er et så flott forblde for så mange, Kristin. Du vet du vertfall har vært en stor inspirasjon for meg, og jeg vet du også er det for så mange andre! <3 stor klem

springerinne

05.09.2016 kl.21:58

Frida: Tusen takk for at du er engasjert, og eg er så enig med deg:):) klem

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv