hits

Ei loggbok laga av den spiseforstyrra sjølv

Den første gongen eg fekk tildelt kostliste kasta eg den i første søppelbøtta eg kunne finne. Alt som stod der var "nei mat" og sidan vedkomande ikkje kunne gje meg noko meir enn dette før flyet gjekk tilbake til den vesle bygda mi ( utan meir hjelp) såg eg ikkje poenget med å følgje det som stod der. Hovudet mitt var sjukt og var ikkje klar for meir mat. Heller ikkje til å skrive ned det eg tenkte og følte. Etter dette har kostlister vore vanskeleg å takle, men det finnast andre måtar å "loggføre" tankane på,- ja som faktisk kan være til hjelp istadenfor frustrasjon.

Som å bruke boka på bildet over; Recoverybook. Denne er laga av Lise som fekk anoreksi allereie då ho var 11 år. Ho beskriv Ei boher korleis den blei til:

Ett år etter jeg ble søkt til behandling møtte jeg min nåværende behandler. Han tipset meg om å føre matdagbok for å bli bevisst på mine egne følelser og tanker rundt måltid. I starten så jeg ikke helt poenget med det, men etter hvert som jeg noterte så jeg tydelig mine egne mønster og triggere. Jeg så nytteverdien av loggføring, men det ble rett og slett litt demotiverende å notere i ei blank notatblokk.

Derfor bestemte jeg meg for å lage min egen Recoverybook. Ei bok som kunne samle alt jeg trengte for å fokusere på å bli frisk, i et innbydende og motiverende design. I utgangspunktet skulle boka kun være til personlig bruk, men nå har jeg selv fått god hjelp av boka og ønsker derfor å tilby den til andre i lignende situasjon.

Jeg håper dette kan hjelpe deg til å ta steget ut av spiseforstyrrelsen.

Klem Lise



Sidan eg kjenner stemora til Lise har eg fått den tilsendt i posten for ei vurdering, og sjølv med skepsis frå tidlegare loggføringar kan eg trygt anbefale å prøve denne. Her kan du skrive kva som har vore planlagt og kva som faktisk skjedde. Du fører ned målet ditt for veka, kva du skal gjere for å nå det, kva som er utfordringa(ne), kva du gler deg til og kva du gruar deg til. Det er med andre ord ei bok som gjev deg moglegheita til å være ærleg mot deg sjølv. 

Det som er avgjerande for å bruke ei slik bok er at du vil bli frisk. At du er klar for å jobbe mot eit normalt liv utan spiseforstyrrelsen. Boka er også kjempefin å ha med seg til timen med psykolog/ psykiater. Ofte er er det enklare å skrive enn å snakke. I tillegg er det ikkje alltid like lett å huske korleis dagane har vore når du først kjem til behandlaren din.

Eg likar boka og måten den er lagt opp på. Den er laga av ei som veit kva det vil sei å slite med dei spiseforstyrra kreftene, og er det noko ein spiseforstyrra har til felles er det nettopp tankane rundt mat, kropp og samvittighet.



Gå inn på denne LINKEN viss du er nysgjerrig og til bestilling. Det er iallfall verd eit forsøk.

Springerinneklem

6 kommentarer

headrace

13.09.2016 kl.16:08

Tusen takk for tipset! Bestilte denne med ´en gang, før spiseforstyrrelsene rakk å få meg til å ombestemme meg. (Om dette høres litt desperat ut så er det fordi det er det jeg er:P)

springerinne

13.09.2016 kl.19:14

headrace: Glad du gjorde det:)

.

13.09.2016 kl.17:17

Tuuusen takk for tipset! Jeg har også fått beskjed av min behandler å loggføre maten jeg spiser. Men med denne boken er det mye mer motiverende.

Takk igjen! :)

springerinne

13.09.2016 kl.19:14

.: Ikkje sant. Det er så "hardt"å få høyre at ein skal skrive ned det ein et, men her får du skreve ned følelsar osv i tillegg, noko som er vel så viktig.

Lise // Recoverybook

13.09.2016 kl.18:56

Hei Kristin! Tusen hjertelig takk for fine ord om boka. Jeg deler innlegget ditt❤️ Klem Lise

springerinne

13.09.2016 kl.19:13

Lise // Recoverybook: Berre hyggelig. Likte den veldig godt. Sjølv om eg kjenner meg frisk idag, så hugsar eg følelsen av å være hekta av dei spiseforstyrra kreftene. Det er ikkje noko ein gløymer med det første og denne boka kjende eg at eg kunne brukt i behandlingsperioden.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv