hits

Springerinnemage update

Så var det ei lita gravidoppdatering for dei spesielt interesserte. 

Det har vore mykje å tenkje på den siste månaden; ny jobb og bryllup. Dagane og vekene har difor gått veldig fort, men jenta i magen har vore med heile tida. Og ho sparkar som berre det. 



Eg har derimot bekymra meg litt dei siste vekene. Ikkje fordi eg har merka noko uvant eller vondt nokon stad, men pga. kommentarar på magen. -Er du verkeleg 6 mnd. på veg. -Er du gravid, det kunne eg ikkje sjå osv.. Å høyre det nokre gonger gjer ingenting, men når eg får høyre det stadig vekk har eg kjent på bekymringane. Eg vil jo at alt skal være tipp topp og gjer alt for at gullet i magen skal vekse seg stor og frisk. Dvs. eg lever som normalt; et godt, er i bevegelse og gjer dei daglegdagse tinga.

Heldigvis finnast jordmødre som sjekkar alt frå urinprøve, hjertelyd, størrelse på livmor og vekt på mor. Alt er i skjønnaste orden og beskjeden om å ikkje bry meg om kommentarar blei tatt vel imot.

Så her er ei oppsummering:

Termin: 31. desember 2016. 
Kor langt på veg: 25 + 2 = i 6 månad. 105 dagar att og 62,8 % av svangerskapet er gjennomført.
Lyster: Ikkje noko spesielt for tida. 
Liv i magen: Full fart, spesielt etter at eg har ete.
Om treninga: I Barcelona blei det inga trening sjølv om løpeskoa var med. Er litt "stolt "over å ikkje kjenne på behovet for å trene når eg veit kor glad eg er i det her heime. Tempen var rett og slett for varm, og eg valde heller å være med familien enn å strene langs strandpromenaden tidleg eller seint på morgonen. Det blei derimot nok gåing enkelte dagar, så fekk no bevegd meg litt.
Plager: Føler meg fin, men kjenner på litt kynnarar viss eg har stressa i løpet av dagen.
Kjønn på babyen: Jente!
Tankar om navn: Vi diskuterer navn i heimen, men har ennå ikkje kome fram til det endelege resultatet. Delte meiningar med andre ord.
Fødselsforventningar: Skyv det ifrå meg.
Humør: Stort sett veldig bra.
Vektauke: Ja! Opp åtte kilo på siste måling (25+0). Kjenner at eg har blitt tyngre, men skal ikkje klage ennå. Veit kva som kjem seinare...
Innkjøp: Ventar litt til.
Tankar: Har som sagt vore litt bekymra etter desse kommentarane, men etter sist jordmorbesøk har eg roa meg ned.



Springerinneklem

2 kommentarer

Elisabeth

16.09.2016 kl.13:12

Så lenge alt er bra så er det jo bra :) Du kjenner jo aktivitet :) Alle er forskjellige :)

Kos deg med graviditeten :=)

springerinne

16.09.2016 kl.19:30

Elisabeth: Det er sant. Og jenta sparkar temmeleg mykje til tider:) Det er eit godt teikn:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv