hits

Når ein lesar gjer deg redd

For to veker sidan fekk eg ein lang og stygg kommentar på bloggen. Nokre av orda var så lavmælte at eg ikkje klarte å la det gå innover meg, men andre ord stakk djupare fordi eg skjønte at vedkomande måtte være ein bekjent. Dette gnaga såpass i meg at eg blei redd berre av å springe meg ein tur åleine i skogen. Tenk om vedkomande stod bak eit tre med ei øks. Ja, ein les så mykje skummelt som skjer i dagens samfunn at eg blir ikkje overraska over noko lengre. Etter råd frå min eigen bror som er politi, og eit par andre bekjende som også er politi valde eg å anmelde saka. Lokalpolitiet her eg bur var enige i at eg burde anmelde, og tok saka i eigne hender for å finne ut av kven vedkomande var. Det tok ikkje lange tida før eg fekk navnet servert, men vel og merke etter at anmeldelsen var sendt.



Og ja, eg kjenner personen og det er temmeleg ubehageleg for å sei det mildt. Eg er derimot glad eg bur her eg bur slik at eg slepp å være redd når eg er ute åleine med veslejenta i magen. Ein blir jo ekstra litt paranoid når ein bær på noko verdifullt.

Denne saka vil gå sin gang. Eg er usikker på kor den endar, men vedkomande vil iallfall kjenne på det han / ho har gjort. Eg orkar iallfall ikkje å gå rundt å være redd i den situasjonen eg er i no.

Som bloggar må ein tåle litt av kvart. Slik er det berre når ein skriv offentlege innlegg og meiningar. MEN ein skal ikkje la seg krenke og attpåtil bli redd for å gå ut av sitt eige hus. Stygge lavmælte ord som ein tenåring kan skyte ut av seg er ein ting, men når det blir personleg og du føler deg "trua" er det ingen vits i å la være å oppsøke politiet. Vi veit tross alt kva enkelte menneske kan finne på "der ute". 

Springerinneklem

 

8 kommentarer

Elisabeth

17.09.2016 kl.17:25

Huff, så trist at bekjente kan være så ekkle! Det er egentlig bare trist :/

Ha en super lørdag og håper du slipper å gå rundt å være redd etterhvert :)

springerinne

17.09.2016 kl.19:27

Elisabeth: Eg er ikkje redd no, men blei det etter at eg las orda....Ikkje noko morsomt.

Line

17.09.2016 kl.17:44

Huff, for ei ekkel oppleving det må ha vore. Godt at du anmelde personen.

Trist at folk kan oppføra seg på den måten at mottakar kjenner seg redd og trua. Og at det er ein du kjenner, høyrast creepy ut.

Eg tykkjer du har ein veldig fin og interessant blogg. Er ofte innom her og les.

Lukke til vidare, og stå på. :)

Klem.

springerinne

17.09.2016 kl.19:26

Line: Tusen takk. Nei, eg synes ikkje dette var noko kjekt. Har ikkje vore vant med slikt, så derfor er det litt ekstra creepy.

Hege Kristin

17.09.2016 kl.17:59

uff så fælt :(

springerinne

17.09.2016 kl.19:25

Hege Kristin: Ja, ikkje noko kjekt...

Elisabeth

17.09.2016 kl.19:54

Så bra :)

Katharina

17.09.2016 kl.20:23

Huff, håper det går bedre nå <3

Vi bloggere må tåle mye, men vi er tross alt bare mennesker vi også på lik linje som alle andre.

Håper denne person tenker seg godt om neste, det er trist at det er blitt sånn at man skal gjemme seg bak ett tastatur for å være frekk mot andre.

Håper du får en fin helg videre å koser deg masse <3

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv