hits

Ein smak frå eigen hage

Eg er oppvokst med epler i hagen, dvs litt meir enn hage. Vi kan vel kalle det eplegård, men her på Lillehammer har vi ein liten eplehage. Fire store, men gamle epletre ynskte oss velkomne når vi flytta inn for to år sidan.

Medan mor og far og resten av familien plukkar fleire tonn med epler i Stryn, fyller vi nokre få bøtter med Prins, Aroma og James Greve. Idag stod Prinsen for tur. God og modna. Noko det blei eplekake av - sjølvsagt.





Tidlegare i sommar tynna eg epletrea, dvs ta bort overflødige epler som står nær kvarandre på greinene. Dette såg ut til å hjelpe litt, for epla er generelt større enn fjoråret. Og idag enda dei som sagt i ovnen og blei til ei deilig eplekake. Oppskrifta eg fulgte er enkel og kjapp:

  • 4 stk eple , syrlige
  • 5 ss sukker 
  • 2 ss malt kanel 
     
  • Røre: 
  • 200 g smør , romtemperert
  • 200 g sukker 
  • 4 stk egg , romtemperert
  • 170 g hvetemel 
  • 1 ts bakepulver 
  • 2 ss perlesukker 

Fremgangsmåte

Forvarm ovnen til 180 ºC.
Skrell eplene, fjern kjernehuset og del dem i tynne båter.
Ha eplebåtene i en plastpose og tilsett sukker og kanel, rist godt slik at sukker og kanel blir godt fordelt på eplebåtene.


Denne forma fekk eg av ei god venninne. Er den ikkje søt vel?

 

Fremgangsmåte røre:
Pisk smør og sukker lyst og luftig med en kjøkkenmaskin. Tilsett eggene, ett om gangen, og pisk godt mellom hvert egg. Sikt mel og bakepulver over røren og vend det forsiktig inn i deigen. Fordel halvparten av røren jevnt i en rund kakeform, 24 cm i diameter. Stikk halvparten av eplebåtene ned i deigen, med den tynne siden ned. Fordel resten av deigen i formen og stikk de resterende eplene ned i deigen. Strø til slutt over et jevnt lag med perlesukker.
Stek kaken midt i ovnen på 180 ºC i ca 50 minutter.

Og den smakte slett ikkje verst. Sjølv Noah var nysgjerrig og smilte i det han kjende smaken.:) Ikkje verst for ein liten kar med ei skeptisk nase.



Noah har forøvrig fått aktivisert seg på fotballbana idag. Han sprang seg knallande raud i ansiktet og sovna godt etterpå. Morsomt å sjå kor ivrig han blir med ein ball framfor seg.

Ynskjer dokke ein fin søndag vidare.

Springerinneklem

 

2 kommentarer

Elisabeth

18.09.2016 kl.16:20

Å så godt :)

Ha en fin søndag

Bitte-Louise

19.09.2016 kl.08:54

Det så kjempe godt ut :D

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv