hits

Elegante kjolar til den gravide



Det tok ikkje lange tida etter at min kjære fridde før eg leita etter brudekjole på nettet. Eg visste at den skulle være kort og nett, og fann ganske raskt den eg trudde skulle være den rette. Kjolen kom kjapt, men den såg heilt annleis ut på meg enn på modellen. Typisk, men eg fekk solgt den same veka så det var eigentleg ingen stor fare.

Deretter tok det ikkje lange tida før eg oppdaga graviditeten. Ei ny utfordring med andre ord. Korleis skulle eg finne ein fin kjole med plass til magen? Etter ennå meir leiting fann eg den britiske nettsida til Tiffany Rose. Eg tok sjansen og bestilte den eg likte best, og kjolen kom like raskt som den andre. Denne gangen blei dama fornøgd og eg kunne senke skuldrane nokre hakk. Beltet som eg brukar kjøpte eg utanom og fekk sydama til å sy på litt bling bling. Det gjorde det vesle ekstra.


Tiffany Rose har mange vakre kjolar for den gravide. Ja, du kan boltre deg i fargar og veldig pene snitt. Og det synes eg den gravide fortener, for det er slett ikkje lett å finne pene kle som passar den voksande magen ( + litt til ), men denne sida kan eg iallfall anbefale viss du er ute etter lekre kjolar. På bilde over ser dokke vår og sommer kolleksjonen for dette året, men trykker du HER kan du titte på haust og vinter 2016/2017. Sidan dette er ei britisk side er det lite med ullkjolar, men kanskje nokre tips til julebordsesongen som kjolen på bildet under.



Ellers kan du ta ein titt på disse nettsidene: ASOS & SERAPHINE

Springerinneklem
 

Én kommentar

Merete

21.09.2016 kl.21:59

Nydelig kjole til en vakker brud :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv