hits

Litt av kvart

Og plutseleg kom hausten med sine nydelege fargar. Sjølv om eg likar våren best fordi det går mot lysare tider, er det ein viss sjarme med denne årstida også. Tida dei siste dagane har gått til jobb og familie. Eit par turar til Oslo har det blitt og intens skriving for magasinet SKIsport som har deadline om ikkje lenge. Det er fortsatt mykje att, så eg kjenner litt på stresset innvendig. Ja, den siste månaden har det vore så mykje at eg enda på sjukehus etter ei veke med mykje kynnarar. Då ville jordmor har meg til sjekk med eingong, men heldigvis var det ikkje noko alvorleg på gang, men eg fekk klar beskjed om å ta det med ro. Ikkje så lett for ei rastlaus sjel og med fleire jern i elden.


Noah er derimot i fullt vigør. Det er høgt og lavt for å sei det mildt, og no er det ikkje lenge til han blir 2 år. Heilt ufatteleg at tida går så fort. Og så skal han bli storebror...Forstår det ikkje heilt ennå, verken han eller eg:) hehe


Trille sjølv...:)


?Kjem du mamma?

 


Frå dagens skogstur.


Mac, skriveblokk og forrige utgave av SKIsport. Snart er det min tur å gje ut ei utgåve.

Ynskjer dokke ein fin søndag vidare og så skal eg bli flinkare til å oppdatere når eg har fått litt meir kontroll over jobben over.

Springerinneklem

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv