hits

67,4 %

Hehe, det er litt morsomt med desse appane. Dei gjer at du verken treng å tenkje eller telle. Iallfall er det slik med gravid appen som seier at det er 92 dagar att til termin og 67,4 % av svangerskapet er unnagjort. Om det blir slik, står att å sjå. Kjenner eg på magefølelsen vil nok "hulebuaren" kose seg der ennå litt lenger. 

Formen er så som så. Eg kan vel ikkje klage høglytt, men på same tid føler eg meg ikkje pigg og i tipp topp form. Kroppen er sliten og eg orkar ikkje så mykje meir enn det den må. Likevel har eg litt energi til å gå nokre turar, dvs eg får energi av turane. Det blir såpass mykje stillesitting framfor tastaturet for tida då SKIsport skal i trykk snart at skal eg få litt sirkulasjon må eg ut ein liten tur på dagen. Når ettermiddagen kjem er det henting av barn, middagslaging, Noahkos og lallings. Etterpå ventar meir jobb, husrydding og så er kvelden omme. Og slik går no dagan:)

Idag fekk eg brått lyst til å sjå litt meir en sti og skog, så då tok eg beina fatt og gjekk ein tur til utsiktspunktet over Lillehammer, Balbergkampen. Ingen lang tur, men fin for ein gravid kropp som har nok med å få opp pulsen nokre hakk. Og bonusen på toppen er slett ikkje den verste.


 Så kort oppsummert så langt for bolla i magen:

Termin: Fortsatt nyttårsafta, men eg trur nok det skjer på overtid.
Kjønn: Jente
Navn: Ikkje enighet i huset ennå, så vi får ta tida til hjelp. Eg har likevel ein følelse av kva det blir til slutt.
Plager: Mykje kynnarar. Måtte på sjukehuset for to veker sidan då kynnarane hadde vore temmeleg intense over ei veke. Fekk beskjed om å ta det meir med ro, men det er ikkje like lett. Er eg veldig trøtt legg eg meg nedpå. Faren då er at det plutseleg har gått to timar bort i søvn - midt på dagen. Det er ikkje vanleg kost for denne dama, men når kroppen seier ifrå så seier den ifrå.
Trening: Å løpe er ikkje det beste, så eg går turar og småjoggar viss eg kjenner meg ok. Styrketrening går fint.
Vekt: Hadde gått opp 8 kilo på forrige jordmortime. Sikkert 10 no.
Tankar om vektauken: Eg  tenkte ein del på det første 4 mnd., men etter det har eg nesten ikkje ofra det ein tanke. Eg et sunt i kvardagen, kosar meg i helgane og beveger meg litt kvar dag. Det får være bra nok.
Gler meg mest til: Å få sjå jenta vår. Kryssar fingrar for at alt er bra med vesla, og at ho kjem til verda trygt og godt.
Gruar meg til: Å køyre heimover til Vestlandet i oktober med stor mage og eit slitent hovud, og så gruar eg meg til fødselen. Men det er forhåpentlegvis ei god stund til ennå.

Springerinneklem



 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv