Når kokka prøver seg
Eg kan ikkje skryte på meg å være ei kokke, men eg likar å prøve meg på nye rettar når eg har anledning.
Og hausten er spennande når det gjeld gode råverer. I går enda det opp med lammecarre med tilbehør. Eg har laga det før, men denne gong ville eg prøve noko nytt, så det blei difor litt improvisering. Og det smakte slett ikkje verst.
OPPSKRIFT
Lammecarre
Salt og pepper
2 ss grov sennep
ROTGRØNSAKER
Gullrøter
Blomkål
Sjalottløk
Olje
Salt og pepper
En dæsj honning
POTET OG PERSILLEROTPURE
Mandelpotet
Persillerot
Salt og pepper
Fløyte
Smør
NØTTEDIGG
Valnøtter
Mandlar
Fersk basilikum
2 fedd kvitløk
Olivenolje
Honning, flytande
RØDVINSSAUS
Ja, eg kjøpte ein ferdig sak på CC Mat her på Lillehammer. Berre å varme opp, og sim salabim var den ferdig.
Meir om framgangsmåten, sjå HER
Helga har ellers gått fredeleg for seg. Noah har vore litt puslete med feber, men idag har han vore i sitt ess. Dvs. full fart frå morgon til kveld. Sjølv om det kan være slitsomt innimellom er det mykje betre enn når han er slapp i fisken og sjuk. Det likar mamsen dårleg.
Springerinneklem
lisarorvik
02.10.2016 kl.21:32