hits

Kva er så farleg med smør og fløyte?

Det er nesten litt rart å berre skrive det, men tittelen seier faktisk akkurat det eg meiner. Kva i all verda er så farleg med smør og fløyte?



Dette hadde eg aldri sett for meg å skrive for nokre år sidan. For å være meir konkret ville det vore totalt uaktuelt å både smake og legge ut ei oppskrift som inneheldt desse to ingrediensane. Eg var rett og slett LIVREDD for alt som hadde ein tendens til å smake smør og fløyte. For ja, eg kjende det med eingong viss det var noko muffens. Etemonstret sa at det var ekkelt, avskyleg og farleg. 

Så gjekk tida, litt etter litt. Eg prøvde meg fram i sosiale settingar der eg visste at måltidet inneheldt noko heilt anna enn fettreduserte ingrediensar og eg var med å helle fløyta i sausen, stappa og desserten. Joda, eg tenkte mitt når eg opna kjeften og svelgte kaloribomba, men eg kjende også smaken av noko heilt anna enn det tørre og kjedelege eg hadde levd på i 10-12 år. Smaksløkane blei vekka til live og med eit friskare hovud klarte eg å nyte godbitane.

Idag lagar eg middag til fleire enn meg sjølv og eg har oppdaga at nettopp middagen er høgdepunktet i heimen. Barna er svoltne, og det same er min kjære og eg. Det har medført at eg har prøvd meg fram med blant anna Adams Matkasse ( ja eg blei solgt av ein selger på døra tidligare i sommar) og det har gjeve meg inspirasjon i middagslaginga. For, middag er noko av det beste eg veit. Eg undertrykte akkurat det i mange mange år, men inst inne visste eg at middagen er ein vinner for denne dama. Og her kjem smøret og fløyta inn i bilde. Maten blir sååååå mykje betre med ein skvett fløyte i suppa og ikkje minst løk steikt i godt smør med litt salt og sukker. Mmm...det smeltar i munnen, og gjev måltidet ein ekstra piff.

Om eg har merka at vekta har auka fordi maten er " rundare" og smakar betre? Nei, overhode ikkje. Kroppen blir ikkje smellfeit av litt feitt. Feittet er med på å smøre ledda dine, det er nødvendig for å opprettholde organa sin funksjon og ikkje minst er det viktig for å halde seg frisk. Dette kunne eg fint lese meg til då eg var sjuk, men spiseforstyrrelsen fortalde meg noko heilt anna. " - Dette er berre tull. Du blir feit som ei bolle og vil angre på at du smakte på den feite suppa." Ja, disse tankane surra i hovudet berre ved tanken på å smake ei spiseskei av den " farlege" maten. 

Tenk at ein kan ta så feil. 

Vel, det eg vil fram til er; Ikkje vær redd for å lage maten smakfull. Ikkje vær redd for å nyte ein middag med ukjende ingrediensar. Det vil overhode ikkje skade kroppen din på noko som helst måte. Akkurat den meininga sit kun i hovudet.

Springerinneklem


Foresten,-  over til noko heilt anna. Vi har ein del epler i hagen, så ikveld har eg plukka litt til eplekake. Hadde nokon av dokke budd i nærleiken skulle dokke fått gått på epleslang:) Det er overflod for vår bruk for å sei det slik:)
Her ein dag gjekk eg forbi eit eldre ektepar der mannen brått skeina over vegen til naboen sine epletre. Han begynte å riste ned fleire epler og forsynte seg godt. Kona som framleis stod i vegen såg litt flau ut i det eg gjekk forbi, men smilte beskjedent. Då sa eg;- Ja, stolne epler smakar best. Då lo ho høgt.:)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv