hits

Ei lita oppdatering

Eg har hatt dårleg samvit ovanfor bloggen ei god stund no, men det har gått i eitt i det siste. Når mange andre hadde haustferie sist veke sat eg rett opp og ned med levering av SKIsport magasinet. No er det berre nokre dagar att til det skal i trykk og så ventar neste deadline allereie i november. 

I går avslutta vi helga med ei lita utflukt der bonusen var ein flott utsikt over Lillehammer og rett over til huset vårt. Når eg sit på kjøkenet ser eg rett på denne toppen ( Korpeberget) og har tenkt fleire gonger at det er på tide å kome seg opp. Noah storkosa seg i bæremeisa, skravla og lo medan papsen måtte ta i bruk lårmusklane opp dei bratte bakkane.
Nokre fordelar må den gravide ha....kremt..

Ikkje noko å sei på utsynet her, men for den med høgdeskrekk er det kanskje greitt å ikkje gå heilt ut på kanten. Mamsa heldt iallfall Noah godt i handa under kvikklunsj pausen.


Forma er litt opp og ned, men etter at eg har slutta å springe og fått levert dette magasinet har også kynnarane letta litt. Det er derimot nok å gjere framover, med både foredrag og skriving så eg må berre ta hensyn så langt eg klarar. Er jo i det siste trimesteret no, og det begynner å bli tungt. 

Springerinneklem
 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv