hits

Gravid: Mine tankar om vektoppgangen

Eg hadde vel eigentleg tenkte å dele eit innlegg om dette temaet for ei god stund sidan, men då var eg ikkje heilt høg i hatten og måtte jobbe med meg sjølv. Orda som då ville kome ut hadde rett nok vore ærlege, men for nokre ville dei kanskje høyres patetiske ut. Tenkjer ho meir på vektoppgangen enn ungen? Er ho ikkje frisk likevel?

Så eg valde å vente til ting hadde gått seg til. Ja, for eg var ganske sikker på at det berre var ein forbigåande fase. Heldigvis tok eg rett.

Det å ha bak seg frykteleg mange år som spiseforstyrra kan lett gje tilbakeslag i situasjonar som i mitt tilfelle; graviditet. Tilbakeslag som irriterande tankar, utilpasshet og tankar om; Kor i all verda skal dette ende. Inst inne veit ein at det ikkje er så ille, men for min del blir eg sint på meg sjølv når slikt grubleri går innover meg. Det er jo berre forbaska tull.



 

Frå tre til fem månadar i svangerskapet måtte eg jobbe med hovudet. Det gjekk tungt på trening sjølv om kvalmen var nesten over og eg var konstant trøtt og slapp. Frå å være i god form til å bli eit "dass"  ( som eg sa til min kjære) var vanskeleg å svelge. Han berre lo av meg og syntes eg verken såg ut som eit dass eller var så håplaus som eg sjølv følte. Jordmor var også veldig positiv, og smilte berre når eg gjekk på vekta. Det same smilet klarte ikkje eg å få fram, men eg svelgte det unna og heva meg over det - så godt eg kunne. Heime snakka eg hardt til meg sjølv. Kva er det eg er så misfornøgd med? Eg er jo så heldig for søren. Dette har eg jo ønska og no har det gått i oppfyllelse. 

Eit eller anna skjedde då eg gjekk frå 5 til 6 månad. Tankane blei meir harmoniske viss eg kan kalle dei det, og sjølv om eg oppdaga at å løpe ikkje går lenger pga. kynnarar blei eg mykje rolegare. Eg har innfunne meg med at slik er det no, og om eg går opp aldri så mange kilo så får det være. Eg et det eg et, og beveger meg når eg har lyst. Det viktigaste er det vesle nurket som ligg i magen, både no og etter fødselen. Og denne dama kjem ikkje til å bli hysterisk etter at jenta er komen til verda. Kroppen skal få styre seg sjølv og det er deilig å kjenne at det er heilt i orden:)

Så til oppsummering:
Termin: 31.12.16
Kor langt på veg no: 29 veker
Kjønn: Jente
Navn: Fortsatt usikkert, men ho skal iallfall heite Roset-Tofthagen til etternavn.

Plager: Kynnarar, men elles veldig bra.

Humør: Stort sett i godt humør.
Vektoppgang: Usikker no, men tippar 10 kg. Med Noah gjekk eg opp ca. 12 totalt. Denne gongen blir det garantert meir, men det er faktisk heilt greitt. 
Bekymringar: Kan ikkje så på nyhetene dersom det er barn som er involvert i ulykker, krig etc. Har ikkje sjanse. Kjenner det knyter seg langt ned i magen.
Innkjøp: Kjøpte nyleg ei brukt barnevogn ( TFK) på finn.no, og voksipose på Babyshop. Kikar ellers på Ergobaby bæresele og vippestol.
Gler meg til: Ultralyd imorgon. Då får vi sjå jenta i 3D og ho er nok ein del større enn sist. Blir spennande.

Springerinneklem

 

 


 

 

2 kommentarer

Marthe Katrine

12.10.2016 kl.21:31

Du er bare tvers gjennom god, snill, smart og utrolig inspirerende! Oppriktig glad jeg kjenner deg, Kristin! Masse lykke til med de siste ukene (ja, det går fort til desember, jul og nyttår nå).. Samtidig må jeg bare si at vi må møtes en dag.. 40 minutter i bil mellom LIllehammer og Gjøvik er jo ikke langt ;)

13.10.2016 kl.09:43

Du er så fin, Kristin. Eg tenker masse på dette med å bli gravid og vektøke sjøl. Eg har tenkt heile veien at om eg skulle være så heldig å bli gravid ein dag- så er det den dagen og tida eg skal akspetere å legge på meg. For gaven som kommer ut av det er større enn noe annet! Den dagen er ikkje her ennå.. men kanskje ein gong fram-i-der. Gleder meg på dåkkas vegne, og tenke du er og blir ei fantastisk nydelig mamma. Gode tanker

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv