hits

Nytt spennande møte

Det er med sommarfuglar i magen eg vender bilen mot Vestlandet imorgon. Denne gong heilt åleine, då Noah er så heldig å få være med bestemor i Gausdal. Skulle gjerne hatt han ved mi side, men å snu seg 20 gongar i fart for å plukke opp smokk og kosedyr når han blir rastlaus er ikkje aktuelt over ein så lang tur. Det er rett og slett for risikabelt og stressande ( ja han elskar å kaste ting rundt seg for å få oppmerksomhet...veit ikkje heilt korleis eg skal venne han av med det der, anna enn å la være å plukke opp, - og tåle skriken).


Sommarfuglane har titta fram fordi eg skal halde foredrag i Førde på laurdag. Denne gong for Senterkvinnene i heimfylket ( Senterpartiet Sogn og Fj.) Dei arrangerer nettverkssamling og inviterte meg allereie før sommaren. Eg får ein time til rådighet og har tenkt å bruke den godt. Håpar formidlinga "fell i smak", sjølv om det sikkert blir litt "hakk i plata" ( les nervøs) her og der.

Det blir derimot ein kort tur, men eg rekk barnedåpen til mitt nye tantebarn og kanskje ein liten trimtur på heimlege stiar før bilen rullar dei 37 mila tilbake.

Springerinneklem

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv