hits

"Stolt" foredragsholdar

Er komen heim frå ein fin dag i Førde. Her heldt eg foredrag for Senterkvinnene i Sogn og Fj. Eit veldig hyggeleg møte der eg følte publikum fulgte med, og var engasjerte. Sjølv om det tekniske ikkje var 100 % oppe å gå, fekk vi det til til slutt, og ei svett gravid dame kunne starte med det ho skulle fortelje.

Det å stå framfor ei forsamling med stor mage er spesielt. Det er første gong eg har gjort akkurat det, og det er litt rart å tenke på at eg faktisk kjenner meg "stolt" og komfortabel i denne situasjonen. For nokre år sidan ville eg følt meg som ein flodhest i same "drakta", og absolutt ikkje hatt noko ynskje om å ha x antal auge retta mot meg.

Det å være frisk frå ein spiseforstyrrelse byr på eit heilt anna liv enn det å "ligge nede for teljing". Iallfall er det slik eg kjenner det. Eg veit nemleg korleis det er å være i det svarte holet, og det er ingenting å trakte etter. Det er eit helvete utan like, så når eg endeleg kan kjenne det motsette er det fantastisk å kunne dele det med ei forsamling fylt av lyttande damer og ikkje minst mødre.



Nokre bilder frå bilturen mellom Sandane og Førde.



Vakkert ikkje sant?

Sandane...

 

Springerinneklem

2 kommentarer

Pernille

15.10.2016 kl.19:20

Så fin mage og lekker utsikt mot fjellene. Ønsker deg en flott kveld!

springerinne

15.10.2016 kl.21:30

Pernille: Tusen takk:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv